HELSENORGE

Helse Førde skal bruke 3,2 milliardar neste år

Styret i Helse Førde har i dag vedteke eit driftsbudsjett for 2022 med ramme på rundt 3,2 milliardar kroner. Dette er det største budsjettet i føretaket nokonsinne, men vart likevel karakterisert som nøkternt og stramt av eit samstemt styre.

Trass påverknaden frå pandemien og krav til innsparing er aktiviteten i budsjettet i stor grad ei vidareføring av tidlegare budsjett, påpeika administrerande direktør Arve Varden då han la forslaget fram for styret. 

Resultat på 30 millionar
Forhold som særleg påverkar budsjettet for 2022 i høve tidlegare år, er ting som gjennomføring av prehospital plan, satsing på ambulante tenester i psykisk helsevern, innføring av fleire nye IKT-system, samt kostnader knytt til medikament og medisinsk heimebehandling.
Det vedtekne budsjettet legg opp til eit positivt årsresultat på 30 millionar kroner i 2022, noko administrerande direktør meiner er viktig for å kunne oppretthalde ei god nok bereevne med tanke på investeringane føretaket står framfor. 

«Stramt og godt budsjett»
Eit stramt og veldig godt budsjett. Dette var gjennomgangstonen då styremedlemmene tok ordet etter at Varden hadde lagt fram saka. Fleire av styremedlemmene påpeika likevel at problem med rekruttering av kvalifisert personell er gjennomgåande såvel for Helse Førde som dei øvrige føretaka i Helse Vest. Dette medfører risiko for auka utgifter til dyre vikarstafettar og overtid. 

Pandemi-midlar i 2022?
- Eg les ingen dramatikk i dette budsjettet, sa representant Reidar Sandal i møtet. – Med dette kan vi gå i gang med arbeidet i 2022 på ein betryggande måte. Eg vil gje honnør til alle dei som har vore med på å utarbeide dette dokumentet. 
Norske sjukehus har tidlegare blitt tilført midlar frå sentralt hald for å kunne handtere pandemien. Dette er ikkje lagt inn som nokon føresetnad i budsjettforslaget, men som Sandal uttrykte det: 
- Det vil vere ein sensasjon dersom sjukehusa ikkje får midlar til å handtere pandemien.

Positivt i år, men bak budsjett
For inneverande år er stillinga per november eit positivt resultat på 16,3 millionar kroner, noko som er 14,9 millionar bak budsjett. Prognosen for 2021 er eit resultat som ligg om lag 14 millionar under budsjett. Avviket er i  hovudsak knytt til økonomiske konsekvensar av pandemien. 
Investeringsbudsjettet var også sak på styremøtet. Her kom det fram at Helse Førde dei neste fire åra skal investere for 1,4 milliardar kroner. 1,1 milliard av dette er bygginga av Nye Førde sjukehus. 

Her er heile  vedtaket om driftsbudsjett for Helse Førde 2022: 
1. Styret i Helse Førde HF vedtek budsjett for Helse Førde HF for 2022 i samsvar med
framlegg frå administrerande direktør.
2. Styret gjev administrerande direktør fullmakt til å gjere naudsynte justeringar/endringar
innanfor ramma av vedteke budsjett.
3. Styret ber administrerande direktør følgje opp den økonomiske styringa i høve til budsjett
og rapportere til styret gjennom 2022.
4. Styret ber administrerande direktør følgje konsekvensane av budsjett-tiltaka nøye, særleg med tanke på helse, miljø og sikkerheit (HMS)​​ for tilsette, kvalitet i tenestene og pasienttryggleik.