Helse Førde set no i verk ny gjennomgang av nybygg ved sentralsjukehuset

Helse Førde vil no gjere ein uavhengig gjennomgang av prosessen rundt Livabygget, nybygget for somatikk ved Førde sentralsjukehus. Bakgrunnen er eit brev frå Åsen og Øvrelid som sist haust tapte konkurransen om å utvikle nybygget.

​Åsen og Øvrelid AS meiner at bygget som no blir vurdert bygd i åtte etasjar, har endra seg så mykje frå det opphavelege prosjektet at konkurransen må lysast ut på nytt. Helse Førde har fått ei juridisk vurdering som tilbakeviser dette, men ber likevel ein uavhengig tredjepart vurdere påstandane.

- Helse Førde respekterer at Åsen og Øvrelid AS fremjar si sak ved å etterprøve våre juridiske vegval. Vi står likevel fast på at resultatet av utviklingsprosessen for nybygg somatikk ikkje endrar grunnlaget for kven vi har valt å samarbeide med, seier administrerande direktør Arve Varden.

Klagen skapar ein uavklart situasjon

Helse Førde utviklar, og skal seinare bygge, eit nybygg for somatikk som er best tenlege for pasientar og brukarar. Framlegga til løysingar er utvikla av dei tilsette saman med rådgjevarar og entreprenør.

- Vi meiner utviklingsarbeidet er innanfor kontrakten vi har med Veidekke i Førde. Det som uroar oss er at den uavklarte situasjonen skal medføre at byggeprosjektet blir utsett, at det skal påføre føretaket ekstra utgifter og at summen av alle ulempene på eit eller anna tidspunkt skal gå ut over både byggeprosjektet, pasientane og dei tilsette, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Han orienterte i dag styret om den siste utviklinga, der Åsen og Øvrelid vurderer å sende klage til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) dersom styret vedtek eit nybygg i åtte etasjar. Dei meiner byggeprosjektet har endra seg frå ei ombygging til eit nybygg, og at dette er ei endring så stor at den vil vere ulovleg i forhold til anskaffingsregelverket.

Helse Førde sitt utgangspunkt er at det ikkje er eit kvalitativt anna prosjekt. Det skal framleis byggast eit sjukehus på same stad, etter same rom-funksjonsprogram, og til same pris som i den kunngjorde kontrakten. Den samla investeringa på 1,6 mrd. i 2018-kroner ligg fast. Justeringa av byggeplanane endrar ikkje denne ramma. Styret slutta seg til at det vert gjort ei juridisk vurdering av ein tredjepart.

Anbod med samhandling

Anbodet Helse Førde lyste ut gjeld retten til å utvikle byggeprosjektet saman med byggherre. Sluttsummen i prosjektet er kjent, og oppgåva til Helse Førde var å finne den entreprenøren som kan utvikle eit best mogeleg sjukehus innanfor ein gitt pris.

- Kontraktsmodellen skal sikre oss handlingsrom for å utvikle prosjektet og få inn endringar. Det har vore ei klar forventning om at vi gjennom dialog skal endre prosjektet. Alt i fjor sommar signaliserte vi at prosjektet måtte vidareutviklast. Dersom det ikkje hadde skjedd, ville modellen vore feil, seier Varden.

Veidekke Entreprenør AS i Førde var den av tilbydarane som kom best ut i konkurransen hausten 2019. I samhandling skal byggherre og entreprenør saman finne løysingar for bygget som dekkjer behov og krava som er sette. Det er ei formidabel oppgåve, då ein allereie i forprosjektet var klar over at ein låg i storleik 100 millionar kroner over den totale investeringsramma.

I samhandling med Veidekke og deira tekniske underentreprenørar blir prosjektet no utvikla i detalj. Arbeidet vil halde fram heilt til byggekontrakt blir skriven hausten 2020. Først då veit Helse Førde dei endelege byggekostandane.  

Ei samhandlingskontakt er ikkje ei endeleg byggekontrakt

Sjølv om Veidekke har opsjon på å bygge nybygg somatikk og tilhøyrande ombygging i Svanabygget, er det ikkje ein garanti for at dei får byggeoppdraget. Dersom Helse Førde i denne runden ikkje greier å utvikle sitt byggeprosjekt innanfor kostnadsmåla, må prosjektet gjennom ein ny evalueringsprosess. I denne situasjonen kan Helse Førde fristille Veidekke og lyse prosjektet ut på nytt.

 

Kontaktpersonar for media:

Arve Varden, adm. direktør - 992 19 352

Kjell Inge Solhaug, prosjektdirektør Nye Førde sjukehus - 992 88 817

 

 2020-05-18_Åsen og Øvrelid AS - Grette_Brev til Helse Førde.pdf          

2020-05-27_Helse Førde - AdeB_Anskaffelsesrettslig vurdering.pdf