Helse Førde scorar betre enn nasjonale mål på kreftbehandling

Målet er at 70 prosent av norske kreftpasientar skal få behandling i såkalla pakkeforløp. I Helse Førde ligg andelen kring 80 prosent.

 

​I 2015 vart pakkeforløp innført i kreftbehandlinga ved norske sjukehus. Pakkeforløp skal gje pasienten eit føreseieleg behandlingsforløp, utan ugrunna opphald.

28 typar forløp, minst 70 prosent av pasientane

Målet er at minst 70 prosent av pasientane skal inngå i slike forløp, noko Helse Førde oppfyller med god margin.
Det er innført 28 ulike pakkeforløp for kreft ved norske sjukehus, fordelt på ulike kreftformer og diagnosar. Dette er standardiserte behandlingsforløp som er fagleg baserte og normgjevande. Ikkje minst inneber eit pakkeforløp at kreftpasienten skal oppleve ei utgreiing og behandling som ikkje dreg ut i tid av ikkje-medisinske årsaker.

Føreseieleg og trygt

Helsedirektoratet seier det slik:
«Formålet med pakkeforløpene er at pasienter skal oppleve et godt organisert, helhetlig og forutsigbart forløp uten unødvendig ikke-medisinsk begrunnede forsinkelser i utredning, diagnostikk, behandling og rehabilitering.  Pakkeforløpene gir forutsigbarhet og trygghet for pasienter og pårørende.»
Målet er altså at minst 70 prosent av kreftpasientane skal inngå i eit pakkeforløp.

Oppfyller med god margin

I årleg melding for Helse Førde framgår det at føretaket oppfyller dette med god margin. Dette er prosentdelen av pasientane som vart behandla innan standard pakkeforløp for kreft i 2016:

• Alle behandlingsformer: 80 prosent
• Pasientar som fekk kirurgisk behandling: 84 prosent
• Pasientar som fekk medikamentell behandling: 74 prosent

Merk at for ein del pasientar kan det vere medisinske grunnar til at forløpet bør vere kortare eller lenger enn dei tidene som er oppgjevne i det nasjonale standard pakkeforløpet. Dermed vil det aldri vere noko mål at absolutt alle kreftpasientar skal inn i slike standard forløp.