Helse Førde og NAV samarbeider om jobbstøtte

Helse Førde og NAV samarbeider om å få menneske med psykiske lidingar eller rusvanskar ut i arbeid. Prosjektet «Jobbstøtte Sunnfjord og Ytre Sogn» vert no eit fast tilbod. Etter dette er tilbodet etablert permanent i heile Sogn og Fjordane.

Jobbspesialistar Førde.JPG

Tilsette som jobbar etter IPS-metoden er tilsette som jobbspesialistar. Dei som arbeider med individuell jobbstøtte frå psykiatrisk klinikk i Førde er frå venstre Yngve Årdal (kombinert stilling som jobbspesialist og metoderettleiar), Tom Geir Farsund og Anne-Grethe Sandvik.

​- Eg er svært glad for at vi no får dette som eit fast tilbod, seier avdelingssjef Svein Ove Alisøy ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

I Nordfjord vart tilbodet etablert i 2016. Svært gode resultat, der meir enn halvparten av deltakarane fekk ordinært arbeid, gjorde at liknande tilbod blei etablert i Sogn i 2018. Året etter starta «Jobbstøtte Sunnfjord og Ytre Sogn» som eit prosjekt tenkt å vare ut 2021. No har Helse Førde og NAV inngått avtale om å etablere dette som eit fast tilbod.

- Jobbspesialistane kan vise til gode resultat med å få pasientar inn i ordinært løna arbeid, seier Alisøy.

Arbeidet med jobbstøtte skjer etter IPS-metoden (individual placement and support). På norsk blir det kalla individuell jobbstøtte. Dette er ein modell/metode for oppfølging av personar med psykiske lidingar  og/eller rusutfordringar som ønskjer arbeid, og som har behov for behandling på same tid som dei får arbeidsretta hjelp.  Finansiering av tilbodet vert delt likt mellom NAV og psykiatrisk klinikk.

Målet med IPS er å legge til rette for at menneske med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar skal få, og også behalde løna arbeid gjennom denne oppfølgingsmetoden. Brei internasjonal forsking viser at IPS har gitt gode resultat når det gjeld ordinært arbeid for denne målgruppa.

Jobbspesialistane for Sunnfjord og Ytre Sogn har kontor på psykiatrisk klinikk i Førde. I Nordfjord og Indre Sogn har dei base ved Nordfjord psykiatrisenter på Eid og Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal.