Helse Førde og HVL vil gå saman om Campus Vie

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forprosjekt som skal vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar i dag og i framtida.

​Forprosjektet ser på moglege løysingar for å samle aktivitet knytt til forsking, innovasjon, utdanning og opplæring, kurs, konferanse og simulering i eit felles miljø på campusområdet på Vie. Det har i fleire år vore ønske om felles bygg, samarbeid om infrastruktur og samlokalisering av fagmiljøa.

Aukande aktivitet
Dette skal gje betre høve for samarbeid og ruste begge organisasjonane til å gjennomføre forventa oppgåver framover. Både Helse Førde (HFD) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) har auka forskings- og innovasjonsaktiviteten, og det er venta ytterlegare auke. HVL førebur ein søknad om å bli universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil frå 2023, noko som òg vil ha arealutfordringar.
I forprosjektet kartlegg dei aktivitetane og oppgåvene i organisasjonane som har fellesnemnarar i høve mandatet prosjektet har fått. Det er behov for å undersøke udekka arealbehov og korleis ein skal samarbeide om dette, innhald, kvalitet og omfang av arealet, forventningar hos partane, og kva arealløysingar som er tilgjengeleg.
Sluttrapporten skal mellom anna synleggjere alternativ og gje framlegg til løysing på areal. Den skal òg synleggjere kva funksjonar, aktivitetar og interessentar utanom HVL og HFD som er aktuelle, som Universitetet i Bergen og kommunane.

Geir Opseth.jpg
MANGE FELLES INTERESSER: - Tilgangen på kunnskap og erfaring vil bli betre for alle involverte ved å går saman om dette prosjektet, trur prosjektleiar Geir Opseth i Kunnskapsparken Vestland. 
- Som å etablere eit godt nabolag
Ein har starta diskusjonen, og alternativa som har vore løfta fram er: 
  • Nybygg ved Helse Førde eller i eksisterande bygningsmasse, med utleige til HVL 
  • Mellombelse løysingar i Angabygget eller ved HVL
  • Nybygg ved HVL eller i eksisterande bygningsmasse, med utleige til Helse Førde 
– Eit slikt prosjekt er som å etablere eit godt nabolag. Der er det mange felles interesser som kan forsterkast eller forbetrast gjennom å "leike" i lag. Får vi det til, vil tilgangen på kunnskap og erfaring bli høgare for alle involverte, og det gjev alltid meirverdi og utvikling av kvart enkelt miljø, seier prosjektleiar Geir Opseth i Kunnskapsparken Vestland.

- Viktig for utviklinga
Prosjektet er godt forankra i toppleiingane i både Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, og administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er glad for at prosjektet er etablert.
– Dette er eit viktig strategisk element i utviklinga av Førde som ein attraktiv studentby. Kompetanse, utdanning, forsking og innovasjon er nøklane til ei berekraftig framtid. Utvikling og etablering av eit framtidig Campus Vie vil kunne leggje grunnlaget og fundamentet for utviklinga, seier han.

Sluttrapport frå forprosjektet har frist 1. desember i år.