Helse Førde med nasjonalt helseatlas

18. desember 2018 presenterer Helse Førde sitt aller første nasjonale helseatlas. Temaet er ortopedi.
– Dette er ein milepæl for Helse Førde, og det er stort for oss som jobbar med helseatlas at vi no kan publisere vårt første, seier leiar for helseatlas i Helse Førde, Marte Bale.

I atlaset har vi analysert store datamengder for eventuelt å finne skilnad i forbruk av ortopediske helsetenester rundt om i landet.

2018-12-10_Helseatlas-gjengen.jpg

TEAMET BAK: Dette er gjengen som har utarbeidd det første helseatlaset i Helse Førde. Frå venstre Knut Ivar Osvoll, Haji Kedir Bedane, Maria Holsen og Marte Bale. Jofrid Vårdal Aksnes var ikkje til stades då biletet vart teke.

Adressa di kan avgjere behandlinga du får
– Vi har til dømes funne at for nokre typar operasjonar spelar det ei rolle kvar du bur i landet om du vert operert eller ikkje. Dette er ein type variasjon som er uønska, og som godt kan løftast opp på eit høgre politisk nivå, seier Bale.

Blir laga to stader i landet
Helseatlaset er laga på oppdrag frå Helse– og omsorgsdepartementet. Oppdraget vart gitt til Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord, og til Helse Vest som igjen tildelte Helse Førde oppgåva. Medan SKDE har publisert fleire atlas allereie, er ortopediatlaset det første som vert produsert i Helse Førde.

Fleire atlas kjem
Teamet bak helseatlas i Helse Førde kvilar ikkje på laurbæra, og er allereie i gang med å vurdere tema for neste atlas.
- Vi har fått data frå Norsk Pasientregister innan psykisk helse, og ser fram til å gå djupare inn i desse etter jul, avsluttar Bale.

FAKTA:

Kva helseatlas er (www.helseatlas.no)

• I Norge er det eit mål at alle skal ha eit likeverdig tilbod av helsetenester, på tvers av geografi og sosiale grupper.
• Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne befolkninga sin bruk av helsetenester i ulike område, uavhengig av kvar pasientane vert behandla.
• Dei regionale helseforetaka har ansvaret for at befolkninga i deira opptaksområde har tilbod om forsvarleg spesialisthelseteneste. Dette “sørge-for-ansvaret» ligg til grunn for analysane i helseatlasa kring variasjon i bruk av helsetenester. Urettmessig variasjon kan bety at «sørge-for-ansvaret» ikkje er godt nok ivareteke.
• Helseatlas er ei nettbasert kartteneste. Atlaset er eit tredelt produkt som består av eit interaktivt Norgeskart, faktaark og ein rapport som gjer greie for metode og med ei djupare skildring av kvart pasientutval.
• Helseatlas vert utvikla og levert av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord og i Helse Førde. Det var i 2015 at Helse Nord og Helse Vest fekk i oppdrag frå Helse og omsorgsdepartementet å utvikle eit nasjonalt helseatlas i samarbeid med Helsedirektoratet.