HELSENORGE

Helse Førde markerer Pride 2022

Sogn og Fjordane er for alle!

Helse Førde oppmodar alle tilsette som er samde i dette utsegnet om å stille seg bak Helse Førde si Pride-fane under opptoget laurdag 11. juni.


​Tre år har gått sidan sist det var Pride-opptog i Førde. No er det igjen klart for at SoFjo Pride kan arrangere Pride og såleis markere at Sogn og Fjordane er for oss alle.
Paradetog
SIST GONG: Frå opptoget i Førde i juni 2019. 

– Dette er heilt i tråd med Helse Vest sin visjon om å «fremje helse, meistring og livskvalitet». For Helse Førde, og kanskje særleg psykisk helsevern, er det heilt naturleg at vi er med på markeringa. Helse Førde er for alle, både i pasientbehandlinga og som arbeidsgjevar, seier klinikkdirektør i psykisk helsevern, Børge Tvedt. 

Tvedt understrekar at Pride ikkje først og fremst blir arrangert for å feire homofile og transpersonar. Pride er for å markere alle sin rett til å vere seg sjølv, utan å bli diskriminert, trakassert, overfalt, kasta i fengsel eller drepen. 

For ser vi på historia, så er dette ikkje ein sjølvsagt rett som berre er der. Dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv, og er derfor ein rett som må forsvarast. Så difor stiller vi  oss bak Helse Førde si Pride-fane laurdag 11. juni, og blir med på å gjere dette til ein festdag!

Hugs: Spør ikkje om kvifor heterofile er utan sitt eige flagg og si eiga markering. Vær heller glad for at ein ikkje har behov for det!

Det heile startar med oppstilling framfor Førdehuset klokka 11.30 denne laurdagen!​