Helse Førde i samarbeid om betre og tryggare tolketeneste

I helsevesenet kan god tolking handle om liv eller død. Difor har Helse Førde og tolketenesta TikkTalk gått saman om eit prosjekt som skal sikre tolking som er enklare, betre og tryggare for framandspråklege pasientar. Målet er å kunne yte endå betre helsetenester til denne pasientgruppa.

 

​Fleire innbyggarar med minioritetsbakgrunn, aukande turisme og internasjonalisering gjer at trongen for tolking har blitt stadig større i helsevesenet.

Uhaldbar situasjon

Helsevesenet i Norge har på dette området tradisjonelt nytta seg av private formidlarar av tolkar, ofte med dårleg eller ingen dokumentasjon på at tenestene held ønska kvalitet. Problema er for øvrig grundig omtala i Norsk offentlig utredning NOU 2014 : 8. Den digitale tolkings- og formidlingstenesta TikkTalk er designa for å løyse denne uhaldbare situasjonen.

Open digital marknadsplass

Den innovative løysinga TikkTalk tilbyr ein digital marknadsplass der tolkane og kundane enkelt kan finne kvarandre utan ein kostbar privat formidlar som mellomledd. Her skal det også bli mykje enklare for kunden å få dokumentert kvaliteten på tolketenestene, og løysinga oppfyller også kravet om rask og lik tilgang til tenestene. TikkTalk ivaretek også krav til informasjonstryggleik, openheit og enkel betalingsformidling.

Effektiv og trygg løysing

I dag blir nesten alle tolkeoppdrag i Helse Førde utført på telefon. Dette er ei lite tilfredsstillande løysing, og livsviktig informasjon kan gå tapt fordi partane ikkje kan sjå mimikk og kroppsspråk hjå kvarandre. I den nye løysinga blir tolkinga utført ala måten Helse Førde i dag driv på innan telemedisin, og sikrar god visuell kontakt med tolken i dei tilfella ho ikkje kan vere fysisk til stades. Løysinga er også tidseffektiv i eit fylke med lange reiseavstandar.

Kort om tolketenesta TikkTalk

Bak TikkTalk står selskapet Skiwo AS, som har base i helseteknologimiljøet Aleap i Forskningsparken i Oslo. Gründerane bak selskapet har bakgrunn frå Tandberg, Opera Software og Brandlab, og har lang erfaring frå utvikling av videokonferansesystem. Tolketenesta TikkTalk er eit Offentleg forskings- og utviklingsprosjekt (OFU), og har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge. 

For ytterlegare opplysningar kontakt Nyonga Nyamata Amundsen, prosjektleiar i Helse Førde, tlf. 419 17 705. 

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​