Helse Førde har overtatt Bygg Aust

Måndag 3. juli overtok Helse Førde formelt det nye Bygg Aust frå entreprenøren Skanska. Det betyr nye, oppgraderte areal for både den interkommunale legevakta i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS IKL) og for eigaren Helse Førde.

 

​Nokre dagar forseinka, men eit flott helsebygg har det blitt: No får den kommunale legevakttenesta i regionen langt romslegare og meir moderne lokale å arbeide i. Med på lasset er sju kommunale senger og eit topp moderne overgrepsmottak. SYS IKL planlegg å vere på plass i bygget i slutten av august.

Bygg Aust ferdig.jpg

Resten av dei tre etasjane, omlag 1900 kvadratmeter,  skal Helse Førde disponere til eige bruk. Dette vil bli heilt sentralt i samband med dei store om- og utbyggingane som er planlagt ved Førde sentralsjukehus i åra framover. Planen er då å nytte vår del av Bygg Aust til å rokere deler av verksemda som blir påverka av byggearbeidet.

For alle dei som syklar til sjukehuset er dette verd å merke seg: Under bygget, i den opne grunnetasjen, er det lagt opp til ei større sykkelparkering (bildet under) med ladestasjonar til elsyklar. Dermed unngår vi i framtida opphoping av parkerte syklar rundt hovudinngangen til sjukehuset.

Bygg Aust sykkelparkering.JPG