Helse Førde går inn i korona-krise og utbyggingar med overskot

Økonomisk og driftsmessig vart 2019 eit solid år for Helse Førde. Etter gjennomgang av årsmelding og rekneskap for 2019 godkjente styret måndag eit årsresultat på vel 43,1 millionar kroner, noko som er 7,1 millionar over budsjett.

​Føretaket står framfor store utbyggingar av sjukehus, og i tillegg står ein midt oppe i ein svært uoversiktleg situasjon rundt koronaviruset.
Overskotet skal hovudsakleg disponerast til innkjøp av medisinsk-teknisk utstyr og investering i bygningar.
- Helse Førde er i ein utruleg god situasjon samanlikna med mange andre av landets helseføretak, sa administrerande direktør Arve Varden på styremøtet. – Å ha orden på økonomien kjem vel med i den situasjonen vi står framfor no.