HELSENORGE

Helse Førde går i gul beredskap

Helse Førde går i gul beredskap. Årsaka er aukande pågang av pasientar med covid-19 til intensivavdelinga.

​Ved Førde sentralsjukehus er no fire covidsjuke pasientar innlagde. To av dei ligg på intensivavdelinga.

I tillegg er sjukefråværet høgt. På nokre sengepostar har det vore i overkant av 10 prosent sjukefråvær dei siste dagane. Sjukefråværet har ført til vanskar med å dekke inn vakter for sjukepleiarar. 

Det er også avgjort å ta ned talet på planlagde operasjonar. Nedtaket gjeld i første omgang ut denne veka.

Avgjerda om å gå frå grøn til gul beredskap vart gjort av beredskapsleiinga måndag ettermiddag.​ Gul beredskap inneber ein alvorleg situasjon som kan handterast med utvida innsats og ekstraordinære ressursar. 

Helse Førde har vore i grøn beredskap sidan 5. november.