Helse Førde får ny, kraftigare MR-maskin

Helse Førde skal investere inntil 23,5 millionar kroner for å erstatte den eldste av to MR-maskiner ved Førde sentralsjukehus med ei ny, dobbelt så kraftig maskin. Med denne løysinga vil kvaliteten på diagnostikk bli betre, og ein kan gjere fleire typar undersøkingar enn i dag.

2020-10-30_MR_FSS_Stavland_Sygna_Stubhaug_Karsteinsen_Brekke_01768.jpg

Den nye MR-maskina ein skal kjøpe har dobbelt så kraftig magnetstyrke som dei eksisterande i føretaket. Maskina er i prinsipp lik dei eksisterande, men har større diagnostiske mogelegheiter. Frå venstre, Børge Stavland, Torbjørn Sygna, Wendy Stubhaug, Anne-Marit Karstensen og Reidun Brekke.

Styret i Helse Førde vedtok i dag samrøystes å investere i ei ny MR-maskin ved Førde sentralsjukehus.

Fire MR-maskiner
MR står for magnetresonans, og MR-maskiner framstiller digitale bilete av indre organ ved hjelp av eit sterkt magnetfelt og radiofrekvente bølgjer. Slike undersøkingar gjev spesielt god framstilling av endringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelett, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan inkludert tarmsystemet.
Helse Førde har fire MR-maskiner, fordelt på sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid og to ved sjukehuset i Førde.

Dyrt vedlikehald
Den eldste av dei to MR-maskinene ved Førde sentralsjukehus er no 23 år gammal, og det er vedvarande problem med driftsstans på denne. Berre i fjor havarerte denne maskina to gonger, med omfattande og svært kostbare reparasjonar som følgje. På grunn av alderen har også reservedelar til maskina blitt ei utfordring. Bilet- og undersøkingskvaliteten er dessutan av ein slik art at maskina vanskeleg kan brukast som ei fullskala MR-maskin.
Ut frå dette har administrerande direktør Arve Varden konkludert med at det no er nødvendig å investere i ein ny MR som erstatning, og han fekk styret med på investeringa på møtet i Helse Førde 26. oktober.

Betre diagnostikk
Den nye MR-maskina ein skal kjøpe har dobbelt så kraftig magnetstyrke som dei eksisterande i føretaket. Maskina er i  prinsipp lik dei eksisterande, men har større diagnostiske mogelegheiter. Blant anna kan den brukast til diverse nevrologiske undersøkingar som ikkje kan gjerast med dagens maskinpark. Desse pasientane må i dag tilvisast andre sjukehus, i hovudsak Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
- Vi skal tilby folk i vår område gode og framtidsretta diagnostiske tenester, ikkje minst innan viktige felt som kreftdiagnostikk, nevrologi, muskel- og skjelettlidingar, seier administrerande direktør Arve Varden. – Dette blir mogeleg med ei ny, kraftigare maskin i tillegg til dei tre andre.

Kjem store pasientgrupper til gode
MR-maskina som Varden foreslår, vil koste drygt 17 millionar kroner, og vil i tillegg krevje nær seks millionar kroner i forsterka magnetskjerming og andre bygningsmessige tilpassingar.
Investeringa er planlagt finansiert ved å bruke deler av overskotet Helse Førde har hatt dei føregåande åra, og skal ikkje påverke helseføretaket si bereevne i høve framtidige investeringar.
- I Helse Førde har vi hatt ein stor auke i bruken av MR i diagnostikken vår, og dette blir ei svært viktig oppgradering som vil komme store pasientgrupper til gode i åra framover, seier Arve Varden.

 

 ​