Helse Førde får eigen smittevernlege

Etter ei årrekke med innleige av funksjonen som smittevernlege, har Helse Førde no fått på plass sin eigen. Han heiter Bent-Are Hansen, er 35 år og spesialist i infeksjonssjukdomar.

​Bent-Are Hansen er overlege på medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus, og skal no arbeide 40 prosent av stillinga i funksjonen som smittevernlege. Bent-Are Smittevernlege.JPG
Hansen studerte medisin i Bergen, og kom til Helse Førde første gong som turnuskandidat i 2010. Sidan heldt han fram i Helse Førde som LIS-lege før han reiste til Bergen og Haukeland sjukehus i 2015. Deretter var han tilbake ved sentralsjukehuset i Førde i 2017-2018, denne gongen på mikrobiologisk avdeling. Så gjekk ferda igjen til Bergen før han nok ein gong returnerte til Helse Førde. Dette er såleis ein smittevernlege som kjenner helseføretaket godt når han no går inn i den nye funksjonen.
- Som smittevernlege skal eg gje faglege råd i organisasjonen, eg skal bistå smittevernteamet vårt med blant anna undervising og sikre at vi har gode rutiner, seier den nye smittevernlegen, som gler seg til å ta fatt på oppgåva.
Bent-Are Hansen er gift, har tre barn og familien er busett i Bergen. Arbeidsrytmen hans framover vil normalt vere tre dagar (mån-ty-ons) fysisk til stades i Helse Førde, og dei to siste vekedagane på heimekontor i Bergen.