HELSENORGE

Helse Førde avviser få unge i psykiatrien

I ein fersk rapport om det psykiatriske tilbodet til barn og unge under pandemien, kjem det fram at Helse Førde er blant helseføretaka i landet som avviser færast til behandling. Berre eitt anna føretak har lægre tal. 

Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) publiserte nyleg rapporten «To år med pandemi - status for det psykiske helsetilbudet til barn og unge». 

Auke - men framleis låge tal
Rapporten gir eit godt overordna bilete av status og utfordringar i det psykiske helsetilbodet til born og unge. 

I rapporten har Ukom fokusert på auke i tal nye tilvisingar, samt auke i tal pasientar som ikkje får rett til helsehjelp (avviste pasientar). Men Ukom unnlet å sjå desse to tala opp mot kvarandre. Dermed trekker Ukom fram at Helse Førde har hatt ein auke i avviste tilvisingar på 121 prosent. Dette er isolert sett korrekt, om ein kun ser på tal avviste tilvisingar. 

- Vi i Helse Førde vil trekke fram at det framleis er eit lågt tal tilvisingar i Helse Førde som vert avviste, samanlikna med andre helseføretak, seier direktør for psykisk helsevern, Børge Tvedt.

Nest best i landet
Om ein ser på tala Ukom presenterer er 64 av 763 tilvisingar i Helse Førde  avvist i 2021. Dette utgjer 8,4 prosent av tilvisingane.

- Dette  er nest lågast i landet, og langt under landsgjennomsnittet på 24,9 prosent. Dette ser vi igjen ved at Helse Førde gjev spesialisthelsetenestetilbod til fleire born i høve barnetalet enn andre helseføretak, for å sikre gode helsetilbod. 

Tvedt er glad for at det blir sett fokus på born og unge sin situasjon etter pandemien, og helseføretaket vil saman med kommunane jobbe for å yte gode helsetenester til dei som treng det. 
- Vi må saman sikre god kompetanse og samanhengande tenester, seier han.

Gatekunstverk på betongvegg av fire gutar som leikar saman