
Med erfaring både frå sjukehusa i Lærdal og Førde er ikkje Helene Langeland ukjend med kva det vil seie å vere sjukehusprest.
- Eg søkte stillinga som sjukehusprest, fordi omsorgstenesta, i møte med enkeltmenneske, er noko av det som tiltalar meg aller mest som prest. Eg ser fram til å jobbe i eit tverrfagleg miljø, der eg kan vere ei av fleire relevante brikker i møte med pasientar, pårørande og tilsette, seier Langeland.
Helene Langeland har vore 15 år som sokneprest i Lærdal, og har vore sjukehusprest på tilkalling for sjukehuset i Lærdal. Dei siste to-tre åra har ho vore fast vikar for sjukehusprest Einar Skudal i Førde. Ho arbeider no som beredskapsheim for Bufetat, og er andaktshaldar i morgonandakta på NRK P1.
Helene Langeland er 48 år. Ho bur i Jølster, der ho også var fødd og trakka sine første barnesteg. Men mesteparten av oppveksten var i Askvoll.
Langeland tek 1. mai over for Einar Skudal som blir pensjonist etter å ha vore sjukehusprest i Førde i 26 år.