Held på dagens sjukehusorganisering

Styret i Helse Førde vil at dagens organisering av sjukehusa vert vidareført og vidareutvikla. Styret  støttar eit framlegg om å endre inntektsmodellen.

 

​Eit statleg utval leia av tidlegare Helse Bergen-direktør Stener Kvinnsland, har vurdert organiseringa av spesialisthelsetenesta i landet. Utvalet har vurdert fire alternativ til dagens måte å organisere tenesta på. Tre av desse gjekk ut på å avvikle dei regionale helseføretaka, og leggje helseføretaka under ulike former for nasjonal leiing. Utvalet har i tillegg lansert eit fjerde alternativ som inneber at dagens helseføretak opphøyrer som eigne rettssubjekt, og at ansvaret i staden vert lagt til dei regionale helseføretaka.

Helse Førde meiner alle alternativ vil føre til ei vesentleg sentralisering. Regional samordning bør ivaretakast gjennom samarbeid og avtalar mellom helseføretaka.

- Samhandling med kommunane blir viktig å ivareta i framtida. Eg kjenner meg trygg på at det får vi betre til med den eksisterande modellen, sa nestleiar i styret Atle Hamar på styremøtet fredag. Han meiner også at ønskje om nasjonal styring, koordinering og kontroll  er fullt mogeleg å oppnå innanfor dagens system.

Utvalet gjer framlegg om å opprette regionale eigedomsselskap og absolutte kompetansekrav ved samansetjing av styra. Begge desse framlegga går Helse Førde-styret mot. Derimot stiller dei seg bak framlegget om ei snarleg revidering av inntektsmodellen. I tråd med Kvinnslandutvalet vil Helse Førde ha ein modell som tek større omsyn til at stadig fleire pasientar blir behandla som dagpasientar medan talet på innleggingar går ned.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​