HELSENORGE

Held fast på tilråding om ambulanseplan

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, held på løysingane han tidlegare har fronta i saka om preshospital plan, som skal behandlast av styret kommande veke. Det inneber mellom anna at Ytre Bremanger i utgangspunktet skal servast av ny ambulansebåt plassert i Florø og ambulansebil i Svelgen. 

Dette er heile framlegget til vedtak som styret skal ta stilling til på møtet førstkommande torsdag:

1. Ambulansestasjonen i Lavik blir oppretthalden, og den eine døgnbilen i Fjaler vert gjort om til dagbil. Endringa skal gjennomførast i dialog med kommunane.  

2. Dei primære ressursane for å dekke behovet for prehospitale tenester i Ytre Bremanger skal vere ambulansebåt frå Florø og ambulansebil frå Svelgen. Endringa skal gjennomførast i dialog med Bremanger kommune.

3. Endringane knytt til stasjonane i Fjaler og Ytre Bremanger skal ikkje gjennomførast før dei nye ambulansebåtane er i drift.

4. Administrerande direktør skal gjennomføre halvårleg evaluering av utviklinga av tenestetilbodet, i dialog med dei andre aktørane i den akuttmedisinske kjeda, dei første to åra etter endringa. Evalueringa skal gjerast med utgangspunkt i risikovurderingane for Bremanger og Dalsfjorden/Ytre Sogn, og administrerande direktør sine vurderingar i denne saksutgreiinga.

5. Samanslåinga av Hornindal og Volda får ingen konsekvensar for dei prehospitale tenestene i Nordfjord, og forslaget som låg til grunn etter fase 2 for prehospital plan kan gjennomførast.
Ambulansebåt
to ambulansebåtar
Eit stort arbeid
Arbeidet med prehospital plan har gått over mange år, og har resultert i ein heilskapleg plan der  innbyggarane i Sogn og Fjordane i framtida totalt sett er sikra gode og forsvarlige helsetenester.  Utgreiingane som ligg til grunn for denne siste fasen, er følgde opp av vurderingar av risiko og tiltak. Konklusjonen til administrerande direktør er at innbyggarane får ei forsvarleg teneste når den eine av to døgnbilar i Fjaler blir gjort om til dagbil, og Ytre Bremanger får ny ambulansebåt i Florø og ambulansebil i Svelgen som primærressurs. Samtidig viser han til at god økonomistyring er ein viktig del av det å drive gode helsetenester. 
- Alternativa til tilrådinga som ligg føre ville anten bli kostbare og eller lite tenelege løysingar, seier administrerande direktør Arve Varden. - Å flytte endå meir pengar over til ambulansetenesta vil få konsekvensar for drifta i sjukehusa våre. Samla sett meiner eg at det ikkje vil vere rett prioritering. 
Med tiltaka i tilrådinga som no ligg føre, vil ambulansetenesta i Helse Førde koste kring 206 millionar kroner kvart år. Dette er om lag 11 millionar kroner meir enn kva føretaket brukte på desse tenestene i 2018.

Tiltak ut frå vêrforholda
Ambulanseplanen har vore på ei omfattande høyring. Mange av innspela frå Bremanger peikar på Frøysjøen og vêrforholda der som ei utfordring med tanke på å nytte ambulansebåt frå Florø. Helse Førde har, gjennom Gulenskyss, som skal drive ambulansebåtane, bestilt ein vêrrapport for Frøysjøen frå StormGeo. Vêrrapporten inneheld data frå 1989 til og med 2019. Gulenskyss har gjennomgått rapporten, og gjort si analyse av innhaldet. Begge deler er vedlagt styresaka. 
På grunnlag av vêrrapporten vurderer Gulenskyss at dei statistisk sett vil kunne få utfordringar med å gå over Frøysjøen sju timar årleg. Timetalet vil variere frå år til år, og kan vere fordelt på fleire dagar.
Helse Førde må no planlegge for at det nokre dagar i året kan bli aktuelt å tilpasse ambulansetenesta i Ytre Bremanger ved spesielle vêrtilhøve. Dette går fram av ei eiga risikovurdering som er vedlagt styresaka. Mannskapet må også vinne erfaring med korleis båten fungerer i dårleg vêr. Eit slikt føre var-prinsipp betyr at det, i denne innkøyringsfasen, oftare vil vere aktuelt å sette inn tiltak som å plassere ut bemanna ambulansebil i Ytre Bremanger.

Følgje utviklinga tett
Administrerande direktør tilrår dei føreslegne endringane for Ytre Bremanger under heilt bestemte føresetnader:
• Det skal lagast ein plan for når og korleis ressursar skal stasjonerast på Ytre Bremanger, utfrå vêrforholda.
• Utvikling i responstider, samtidskonflikter og avvik skal følgjast tett.
• Det skal gjennomførast halvårlege møte med kommunen for å evaluere situasjonen dei første to åra etter innføring.
• Samarbeidet med kommunen om å utvikle og få på plass akutthjelparordningar skal intensiverast.
Endringane både i Ytre Bremanger og Dalsfjorden/Ytre Sogn skal gjennom evalueringar kvart halvår dei to første åra. 

Sjå heile saksførelegget til styresaka HER.