HELSENORGE

Heidi Vederhus tilsett som stadleg leiar i Nordfjord

Heidi Vederhus er fast tilsett som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Ho startar i stillinga 1. november i år.

Vederhus er 52 år, utdanna sosionom og kjem frå stillinga som kommunalsjef helse og sosial i Stryn kommune, der ho har vore tilsett sidan 2017. Før dette var ho tilsett som tenesteleiar i Vågsøy kommune. Ho er busett på Nordfjordeid. 

portrett heidi vederhus
Vederhus har jobba som kommunal leiar i over 12 år, og har brei erfaring frå helsesektoren. Som leiar for kommunalsjefnettverket i Nordfjord og Sunnfjord, har ho tileigna seg viktig og god kunnskap om samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, og kjenner Nordfjordkommunane godt. Ho trur kjennskapen til kommunane, samt forståing av innbyggjarane sine behov og ynskjer blir viktig i arbeidet framover. 


- Eg gler meg til å bidra i spennande utviklingsarbeid i Helse Førde, der resultata vil ha stor betydning for lokalsjukehuset og området vårt.   

Vederhus har mellom anna fullført masterprogram i helseleiing og toppleiing ved BI. Ho har i etterkant bidrege til vidareutvikling av desse programma.   

Administrerande direktør Arve Varden er glad for at Vederhus har takka ja til jobben som stadleg leiar.  

- Hennar erfaring og kompetanse frå kommunal sektor vil vere viktig for oss i arbeidet med å få til gode og saumlause tenester i framtida mellom nivåa.   

Det var 14 søkjarar til toppstillinga ved Nordfjord sjukehus.