Har du registrert deg på helsenorge.no?

Ønskjer du å bruke dei digitale tenestene på nettsidene til helsenorge.no? Då må du først gje samtykke.

Ein del pasientar har i det siste kontakta oss og meldt frå om at dei ikkje har fått sendt inn elektroniske skjema. Mellom anna gjeld dette kartleggingsskjemaet om korona som alle må fylle ut før dei kjem til time.

Det kan vere fleire årsaker til at pasientar ikkje får sendt elektroniske skjema. Men ein viktig grunn er truleg at det ikkje er gitt samtykke. 

For at skjemaet ditt skal bli sendt inn, må du først registrere deg med «full tilgang» til digitale tenester på helsenorge.no. For å undersøkje om du har full tilgang, eller ønskjer å endre til full tilgang, gjer du dette:

1. Logg inn på helsenorge.no 

2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre.
 
3. Under «Profil og innstillinger» finn du «Personverninnstillinger». Trykk på denne.

3. Øverst finn du «Velg hvilke tjenester du vil bruke». Dersom det her står «Du har samtykket til Full» treng du ikkje gjere noko meir. Står det noko anna, må du trykke «Endre samtykke» og setje den til «Full». 

Opplysingar om kva som må gjerast for å sende inn skjema, er nyleg oppdatert på nettsidene til helsenorge.no.