Har designa anlegg for naudstraum

Dei tre studentane ved Høgskulen på Vestlandet har designa eit anlegg for naudstraum til Nye Førde sjukehus. Bacheloroppgåva vart vurdert til beste karakter.

2020-05-19_Studentane_01555_web.jpg

Frå venstre høgskulestudentane ved elkraft, energi og miljø i Førde: Eirik Berge, Runar Tyse, Mathias Leander Moss.

Studentane Mathias Leander Moss, Eirik Berge og Runar Tyse har tatt studieretninga elkraft, energi og miljø ved Høgskulen på Vestlandet campus Førde. Arbeidet med oppgåva har blitt gjort i sjette og siste semester, frå januar til mai 2020. Det er eit kritisk felt studentane har arbeidd med. På eit sjukehus skal pasientane vere mest mogeleg trygge, og det er trengs eit elektrisk anlegg som er påliteleg og sikra mot uønskte hendingar.

 
– Det er ingen fasit i eit slikt prosjekt. Men desse studentane har gjort eit svært godt arbeid. Dei hadde ikkje mykje førehandskunnskap rundt avbrotsfri straumforsyning då dei starta med oppgåva, men dei tok med seg viktig og nødvendig basiskunnskap om medisinske installasjonar og IT-system frå ei tidligare oppgåve, seier rettleiar i Helse Førde, Tom Erik Jonberg.


I samandraget i oppgåva skildrar dei tre studentane tiltak og løysingar til korleis utforme eit trygt elektrisk anlegg for kritisk aktivitet på Førde sentralsjukehus. Dei har sett på aktuelle problemstillingar som oppstår når ein inkluderer avbrotsfri straumforsyning (UPS) i ein installasjon.
- Vi har samarbeidd godt undervegs. Vi er gode vener, og hatt dei same  ambisjonane om å lage ei god oppgåve, seier Mathias Leander Moss.  

 
Studentane fortel at dei har jobba med eit spennande tema og skriv sjølve:
- I eit land med normalt sjeldne og korte straumbrot er det lett å ta straumforsyning for gitt. På eit sjukehus er stabil straum prioritet nummer ein for elektroplanleggarar. Berre nokre få sekund utan tilgang på straum kan gje alvorlege konsekvensar. I operasjonssalar og intensivrom vert pasientar haldne i live ved hjelp av medisinsk utstyr. Då er tilgang på straum heilt vesentleg.