Hamar nestleiar i Helse Førde-styret

Styret i Helse Vest oppnemnde i dag Atle Hamar (53) som ny nestleiar i styret for Helse Førde.

 

26376087611_e21956161b_b.jpg

FOTO: VEGARD FIMLAND FOTOGRAF / LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET.

Hamar tek over etter Agnes Landstad, som no er konstituert styreleiar i Helse Førde.

Hamar er frå Vassenden i Jølster. Han har mellom anna vore politisk rådgjevar i to departement, statssekretær og distriktsarbeidssjef i Indre Sunnfjord. Sidan 2000 har Atle Hamar vore direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.