Med overtakinga får Helse Førde tre ambulansebåtar. To av dei, «Rosesol» og «Roseflora», er heilt nye og mellom dei største og mest moderne ambulansebåtane i landet. Det eine fartøyet skal stasjonerast på Hardbakke i Solund, det andre i Florø. I tillegg kjem reservebåten «Roselyn» som er oppgradert etter å ha gått som ambulansebåt i Helse Stavanger.

Ambulansebåtane vert stasjonerte på Hardbakke i Solund kommune og Florø i Kinn. Foto: GulenSkyss
Bygde i Måløy
Nybygget «Rosesol», som skal til Solund, vert i desse dagar ferdigstilt ved Måløy verft. I påvente av ferdigstilling vil reservebåten «Roselyn» bli stasjonert i på Hardbakke for ein kortare periode. Når nybygget er klart, vil reservebåten bli stasjonert i Florø til det andre nybygget «Roseflora» går inn i drift i juli. Begge dei to nye båtane er bygde ved Måløy verft.
GulenSkyss har også leigd inn katamaranen «Skorpefjord» for å vere i beredskap til nytt materiell er på plass i Solund.
Ei ny tid
- Det blir ei ny tid for oss når besetninga om bord blir den same som til lands. I tillegg har båtane kvalitetar som vi ikkje har hatt tidlegare, mellom anna svært godt utrusta behandlingsrom, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.
Frå 1. mai er det slutt for ambulansebåt i Askvoll. Ambulansebåtoppdrag på øyane i Askvoll kommune bli handtert frå anten Solund eller Florø. Helse Førde har gjennom Skyss (Vestland fylkeskommune) inngått avtale med Fjord1 om beredskapsferje på sambandet frå Askvoll til Gjervik på Atløy. Ordninga sikrar eigna transportkapasitet for Atløy. Takkar av
Når GulenSkyss startar opp drifta av ambulansebåtane tek dei over for reiarlag Vidar Hop Skyssbåtar, Askvoll skyssbåtar og Florø skyssbåt. Desse har i nær 50 år drive legeskyss og ambulansetenester langs kysten i Sogn og Fjordane. - Det har vore eit godt samarbeid med desse tre reiarlaga. Vi vil takke for alle dei gode tenestene dei har levert for pasientar over mange år, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.
GulenSkyss driv allereie ambulansebåten «Rosedoktoren» for Helse Fonna i Sunnhordaland.
Kontaktperson:
Stian Sægrov, ambulansesjef
E-post: stian.segrov@helse-forde.no
Tlf.: 415 30 512