Greitt å vite om betaling på sjukehuset

Betalingssystemet ved sjukehusa i Helse Vest har fått ein del medieomtale den siste tida. For deg som pasient er det greitt å vite litt om korleis betalingssystemet vårt er lagt opp.

I samband med innføring av nytt økonomisystem i HV i mars 2019 oppstod eit problem med purring på utsendte fakturaer. Saman med leverandør har Helse Vest arbeidd med å løyse det tekniske, men det har tatt tid å få systema på plass.

Først i mai 2020 var løysinga på plass, og Helse Førde sende då ut rundt ni tusen purringar. Dei andre føretaka i Helse Vest har sendt ut tilsvarande purringar.

For deg som pasient er det greitt å kjenne til rutinen, som er at ein kan vende seg til resepsjonane ved sjukehusa for å betale eigendelen med kort eller kontant. Den som ønskjer å få tilsendt faktura eller reiser frå sjukehuset utan å betale for eigenandel, vil få faktura tilsendt i posten.

Merk også at Helse Førde kommande haust tek i bruk nye betalingssystem med automatar og mobilløysingar, slik at brukarane får fleire alternative måtar å kunne gjere opp på.

Når det gjeld fakturaene som blir send ut med post, er det erfaringsmessig ein liten del av desse som av ulike årsaker ikkje når fram til pasienten. Desse skal ikkje betale purregebyr eller renter, og må ta kontakt med helseføretaket.

Det er viktig at ein gjer dette, då Helse Førde følgjer den nasjonale standarden for inndriving av fordringar i helsevesenet. Denne standarden følgjer eit nokså rigid forløp på innkrevjinga, ved at det først vert send ein faktura med 14 dagars betalingsfrist, så vert det det send eit inkassovarsel 14 dagar etter forfall.
Dersom inkassovarselet forfell utan at kravet er blitt betalt, vert dette ei inkassosak.