Greier ut samling av DPS-tilbod i Førde

Helse Førde skal greie ut samling av Sunnfjord og Ytre Sogn distriktspsykiatriske senter (DPS) i Førde.

 

Psykiatrisk klinikk i Førde er DPS for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har 14 sengeplassar ved klinikken i Førde og 11 ved avdelinga på Tronvik.

I dei første planane for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus (FSS) er nybygget for psykisk helsevern i Førde dimensjonert for å kunne romme sengeplassane til DPS på Tronvik. Ei framskriving av aktiviteten syner at det er behov for 24 DPS-sengeplassar i området.

Utgreiing

- Utgreiinga vil vektleggje fagleg tilbod, økonomi og tilrettelegging ved å samle DPS-tilbodet i Førde. Investering i eit eventuelt samla DPS-tilbod må vurderast opp mot kostnadene ved å drive DPS på to stader og lågare investeringskostnader, heiter det i saksutgreiinga.

Tillitsvalde og tilsette både på Tronvik og i Førde er orienterte om den planlagde utgreiinga. Også leiinga i Høyanger kommune er informerte. Det er avtala eit møte med kommuneleiinga i første halvdel av august for å drøfte dette og andre tilhøve rundt drifta på Tronvik, mellom anna rusposten og mogelegheiter for å utvikle denne vidare.

- Utgreiinga må komme tilbake som ei eiga sak for styret i Helse Førde seinare. Vi har eit mål om tilråding før november, opplyser konstituert administrerande direktør Børge Tvedt.

Bak budsjett

Helse Førde ligg etter budsjett etter fem månader. Prognosen for året viser no eit resultat 41 millionar kroner bak budsjett. I ei sak om budsjettoppfølging for 2017 blir styret presentert for ei rekkje tiltak for å avhjelpe den krevjande økonomiske situasjonen føretaket er oppe i. Det blir lagt opp til å arbeide vidare med ei rekkje framlegg til tiltak for å få ned kostnadene. Mellom desse er samlokalisering av sengepostar ved kirurgisk klinikk i Førde, samanslåing av sengepostane i Lærdal, gjennomgang av stab og støtte, utsetjing av investeringar, strengare vurdering av innkjøp, reiser, permisjonar som ikkje er avtalefesta m.m.

Vil ta tid

- Føretaket har også tidlegare vore gjennom større prosessar for å sikre driftsøkonomien. Erfaringa er at dette er prosessar som tek lang tid, krev grundige vurderingar og i seg sjølv er ressurskrevjande. Prosessane må og sikre medverknad frå leiarar, tilsette, verneteneste og tillitsvalde . Tiltaka som vert fremma for styret i denne saka løyser ikkje heile utfordringa og må følgjast opp av fleire utover hausten og inn i budsjett for 2018, går det fram av saksutgreiinga.

Du kan lese heile styresaka her.