Godt resultat i unntaksåret

Helse Førde går mot eit solid økonomisk overskot i 2020. Forklaringa er i første rekke ekstraløyvingar knytt til pandemien og eit lønsoppgjer under det budsjetterte.

​I november viser resultatet eit overskot på 89 millionar kroner, noko som er 85,2 millionar kroner betre enn budsjettert. Ekstraløyvingane knytt til pandemien og lønsoppgjerer utgjer aleine vel 82 millionar kroner av dette overskotet.
- Dette viser at 2020 har vore eit unntaksår, og at pandemien trass alt ikkje har treft oss i så voldsom stor grad, seier administrerande direktør i  Helse Førde, Arve Varden.
Til no i år er resultatet eit overskot på 121,5 millionar kroner, og dette er 89,3 millionar kroner betre enn budsjett. I styremøtet fredag la administrerande direktør fram ei prognose for året med eit forventa resultat på 70 millionar kroner over budsjett. Talet er lågare enn status var per november, og dette heng saman med disponeringar som kjem i samband med årsoppgjeret i desember.