Godt resultat i juni

I mars i år gjekk økonomien i raudt på grunn av Covid-19-pandemien. No i juni er resultatet tilbake i pluss trass redusert verksemd.

Resultat for juni vart 17,6 millionar, som er 2,9 millionar betre enn budsjett.


Korrigert for Covid-19
Avvik mot budsjett er i juni månad er i stor grad påverka av at budsjettet har blitt korrigert med midlar til Covid-19 og pensjon. Ordinær drift har gått 1,9 millionar betre enn budsjett.

Når det gjeld Covid-19, så viser forbruket i juni 1,0 million mindre enn budsjett. Samla er resultat for juni er altså 2,9 millionar betre enn budsjett. Til og med juni har Helse Førde eit akkumulert resultat, etter korrigering for Covid-19 midlar, på 21,4 millionar. Dette er 8,4 millionar betre enn korrigert budsjett.

Redusert verksemd men positiv trend
Innanfor fag er vi framleis prega av at elektiv verksemd er redusert pga. covid-19-pandemien i mars. Trass i dette oppnådde vi aktivitet i juni på 90,7% av budsjettet . Ventetidene viser også ein positiv trend. Innan somatikk vart ventetida på 64 dagar i juni mot 68 dagar i mai. Trenden er og positiv innan psykisk helsevern sjølv om det er ein liten auke i ventetida for vaksne.

Framleis fare for negativt resultat i 2020
- Eg er nøgd med det økonomiske resultatet, men vi er berre halvvegs gjennom året og det kan fort snu i negativ retning dersom vi får eit nytt smitteutbrot, seier administrerande direktør Arve Varden.