Godt halvår for Helse Førde

Helse Førde har eit resultat på 28,3 millionar kroner etter første halvår. Dette er 14,3 millionar betre enn budsjett.

​- Økonomisk har vi bak oss eitt av dei beste halvåra i Helse Førde. Eg ønskjer å gje ros til alle tilsette for å ha gjort ein kjempejobb, seier adm. direktør Arve Varden.

Han understrekar at føretaket også treng gode resultat for å klare store investeringar til beste for pasientane i Sogn og Fjordane. Helse Førde planlegg investeringar for 1,5 milliardar kroner dei komande ti åra for å ruste opp Førde sentralsjukehus. I år blir det også investert over 30 millionar ved sjukehuset i Lærdal.

- Vi må ha god økonomi i botnen for å greie så store løft.

Spent på sommarmånadene

Helse Førde har hittil i år hatt inntekter som er 4,3 millionar kroner over budsjett. Ein av grunnane til dette er høge inntekter frå verksemda på laboratoria. I tillegg har føretaket hatt lågare kostnader til medikament og pasienttransport enn rekna med. Resultatet i juni var på 3 millionar kroner.

- Vi er spente på drifta vår i ferietida. Juli og august blir viktige for årsresultatet. Normalt blir resultatet i alle helseføretak dårlegare desse sommarmånadene, seier Varden.

Alle møter

Folk i Sogn og Fjordane er svært flinke til å møte til time. I juli var det berre 2,21 prosent av timeavtalane avlyste på grunn av pasientar som ikkje møtte.

- Dette er klart best i Helse Vest, og må vere noko av det lågaste Helse Førde nokon gong har registrert, seier direktøren.

Korte ventetider

Ventetidene ligg stabilt låge. I snitt venta pasientane 47 dagar i juni. I mai var ventetida 49 dagar.

Talet på pasientar er omtrent som i fjor. Det er vekst i talet på dagkirurgi/dagopphald, men ein liten reduksjon i den polikliniske aktiviteten. Talet heildøgnsopphald er på same nivå som første halvår i 2017. 

Styret er orienterte om utviklinga i denne rapporten:

 Orientering til styret - Rapportering fra verksemda per juni 2018.pdf