Gav ikkje forsvarleg helsehjelp

Fylkesmannen meiner at Helse Førde har brote plikta til å yte forsvarleg helsehjelp. Saka gjeld ein mann i 60-åra som døydde etter å ha kjørt med rullestol utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus.

​Det var i januar i år at mannen vart innlagt på medisinsk sengepost i åttande etasje på sjukehuset. Helsepersonellet vurderte at pasienten hadde auka fallrisiko, og han fekk nytte rullestol på avdelinga. Det var ingen vitne som såg sjølve hendinga.
Helse Førde får mellom anna kritikk for at personalet på avdelinga enno ikkje hadde lese pasientens elektroniske journal då ulukka skjedde litt over klokka 18 dagen han vart innlagt på sjukehuset. Vidare får helseføretaket kritikk for å ikkje ha gitt pasienten medisin mot ein kjent tilstand han hadde då han vart innlagt. Helse Førde vurderte pasientens fallrisiko ved innlegginga, men gjorde ikkje ei fornya vurdering av korvidt han skulle få lov til å ferdast fritt på eigahand i avdelinga.
Samla sett meiner fylkeslegen at pasienten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp av Helse Førde HF.
- Dette er ei djupt tragisk og spesiell sak. Helse Førde tek til seg kritikken frå fylkeslegen, og vi skal no gå nøye gjennom dei punkta der vi får kritikk. Utfrå denne gjennomgangen vil vi vurdere om det er rutinar eller andre ting hjå oss som bør endrast, seier fagdirektør i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow.
Helse Førde har i etterkant av ulukka utarbeidd ein hendingsanalyse med moglege årsaker til ulukka. Helse Førde vil med bakgrunn i analysen utarbeide ein plan for vidare oppfølging.