Styret fekk lagt fram tre alternative utviklingsretningar, som alle er godt gjennomarbeidde, både av dei tilsette, tillitsvalde, verneombod og eksterne rådgjevarar. Når Livabygg i åtte etasjar vart vedteke ført vidare, har det samanheng med dei unike fordelane som denne løysinga inneheld.
- Gjennom saksutgreiinga skil Livabygg i åtte etasjar seg ut med kvalitetar som det er verdt å utvikle vidare, seier styreleiar Agnes Landstad.

Skissa, sett frå Angedalsvegen, syner plasseringa av nybygg somatikk, Livabygget mellom høgblokka i aust og nybygg psykisk helsevern i vest.
Brukarperspektiv, gjenbruk og smartare kopling mellom nytt og gamalt
Eit Livabygg i åtte etasjar skil seg ut som det beste valet for vegen vidare i prosjektet. Sentralt i denne vurderinga er at eit heilt nytt sengebygg vi gje monaleg betre tilhøve for pasientar og tilsette i byggetida. Å kunne flytte frå gamalt til nytt direkte gjev mindre risiko for ineffektiv drift og ekstra driftskostnadar i byggetida. Men òg nye mogelegheiter til å kople nytt og gamalt saman på smarte og framtidsretta måtar, har vege tungt.
Held fast på låneramma i prosjektet
Helse Førde har framleis den same økonomiske utfordringa for dei vidareutvikla alternativa som i forprosjektet. I forprosjektet mangla det omlag 70 millionar og denne utfordringa er framleis med oss i Livabygg i åtte etasjar.
Når Veidekke entreprenører AS med sine underleverandørar startar opp samhandlingsprosess saman med prosjektkontoret i Helse Førde, skal det utarbeidast ein reduksjonsplan. Prosjektet vil gå fram til 2028, og denne planen kan settast i verk dersom det oppstår behov for å justere byggeprosjektet.
Tilsette, tillitsvalde og verneombod har hatt stor innverknad på utvikling av løysingane
Gjennom innspel til arealplan for Livabygget og for ombygging i Svanabygget, forma dei tilsette sin eigen framtidige arbeidskvardag på sjukehuset. Dei har arbeidd ut frå to ulike ståstader, Livabygget slik det er teikna i forprosjektet, og Livabygget i åtte etasjar. I valet mellom alternativa såg ein at det opna seg betre løysingar med full utbygging av Livabygget.