Går for Livabygget

Styret i Helse Førde tilrår byggekontrakt med Veidekke. Dersom eigaren Helse Vest òg gir sin tilslutnad, kan bygging av Livabygget starte opp etter påske.

​Det var eit samstemt styre som vedtok å gå vidare med byggeprosjektet. Standpunktet baserer seg på eit grundig saksunderlag, og styret er trygge på prosjektet og Helse Førde si gjennomføringsevne. 

2020-03-23_Illustrasjon av Livabygget.jpg

Illustrasjon av det nye Livabygget.

Dei tilsette sine representantar i styret ga også tydeleg uttrykk for den store tilliten dei tilsette har til både utviklingsprosessen og Livabygg-prosjektet.
- Vi har det rette prosjektet og organisasjonen vil bli skuffa dersom vi ikkje går vidare med prosjektet no, seier tilsetterepresentant i styret, Randi Aven. 

- Vi har sidan før årsskiftet vore sikre på at vi har utvikla det beste prosjektet til rett pris. Eit sjukeshusbygg som det vi har utvikla, er av det mest kompliserte og teknologiske ein kan bygge. Kostnaden måtte spegle dei kvalitetane og krava vi sette, samstundes som prisen måtte stå seg i samanlikning med andre liknande prosjekt, seier administrerande direktør Arve Varden.

Eit nøkternt bygg

Nybygget med alle sine kvalitetar og gode løysingar er eit nøkternt bygg. Kvadratmetrane er disponerte slik at dei gir meste mogeleg nytte og drift. Dei tilsette sin innsats i dette utviklingsarbeidet har vore avgjerande for at løysingane i sum har blitt så gode som dei er. Den aller største fordelen i dette byggesteget, er at brukarane slepp å vere pasientar inne i eit stort byggeprosjekt.
- For oss som helseføretak i den store regionen vår, er det viktig at vi oppfyller samfunnsoppdraget vårt på best mogeleg måte. Vedtaket om å bygge Livabygget gjer oss trygge på dette, seier Varden.

Lang tidshorisont

Så langt har Helse Førde levert svært godt på dei prosjekta vi har sett i gang. Dagabygget, nybygg psykisk helsevern, er ferdig bygt innanfor frist, til avtalt pris og kvalitet, og blir teke i bruk no i februar.
- Vi er trygge på at neste byggesteg vil bli gjennomført på same gode måten, seier Varden.

Gyldig anskaffing

Åsen & Øvrelid har i eit brev varsla at dei vil klage anskaffinga inn for KOFA dersom Helse Førde skriv byggekontrakt med Veidekke. Entreprenøren meiner prosjektet har endra seg så mykje gjennom utviklingsprosessen med Veidekke, at det må lysast ut på ny.

- Eg legg ikkje skjul på at deira varsla klage er krevjande, men våre rådgjevarar meiner anskaffinga er gyldig. Vårt utgangspunkt har heile tida vore å bygge det beste prosjektet. Det er innovativt, smart løyst og er på alle måtar eit betre prosjekt enn det vi starta med då anskaffinga vart gjennomført. Vi respekterer likevel retten Åsen & Øvrelid har til å fremje ein klage.

Varden seier at det Helse Førde har lært av arbeidet med Nye Førde sjukehus, er kor usikkert det er å planlegge for langt fram i tid.
- Behov og føresetnader endrar seg raskt. Vi skal i det vidare utviklingsarbeidet finne gode løysingar innan for ei svært nøktern ramme, utan at visjonen og samfunnsoppdraget skal tape seg, understrekar han.