Skjeggkre kan verke sjenerande, men gjer elles lite skade i bustader og andre bygg. Eventuelle materielle øydeleggingar er minimale.
Skjeggkre er passive på dagtid, slik at det er låg risiko for ubudne gjester i gjenstandar som daglig vert nytta. Ver likevel obs på å ikkje la eigedeler som vesker og liknande bli liggande nede på golvet.
Dette er også eit godt høve til å ta ei generell opprydding der det trengs. Unngå å ha ting på golvet - så godt det let seg gjere. Det er også tilrådd å oppbevare mat i lukka behaldarar for dei som har det på kontora.
Vi ber også om at limfeller som vert sett ut, får stå i fred.
Skjeggkre er vingelause insekt. De er skjellkledde, mørkegrå og litt spraglete i fargen. Normal storleik for vaksne skjeggkre er mellom 10 og 12 millimeter.
Helse Førde samarbeider med skadedyrfirmaet Anticimex i denne saka.
Kjelde for faktaopplysningane i denne artikkelen er Folkehelseinstituttet sin skadedyrveileder.
Av:
Teknisk drift, Helse Førde