Full økonomisk gjennomgang

Den økonomiske situasjonen i Helse Førde er vanskeleg. Styret vil no ha vurdert ei rekkje tiltak for å snu utviklinga.

 

Økonomi kom til å bli heilt sentralt på styremøtet tysdag. Styret ber no om at det blir laga eit revidert budsjett for 2017. Årsaka er at det fire månader ut i året ser ut til å gå mot eit underskot, i staden for ein pluss på 15 millionar slik budsjettet legg opp til.

Revidert budsjett

- Situasjonen er såpass alvorleg at eg meiner vi må gjere ein fullstendig revisjon av årets budsjett. Helst bør vi ha denne klar til det ekstraordinære styremøtet som er tenkt halde i august, sa Helge Bryne.

I vedtaket heiter det at den økonomiske situasjonen i Helse Førde er krevjande. For å klare å få bereevne til dei investeringane styret ønskjer det skal arbeidast vidare med, må omstillingstiltak og driftstilpassingar konkretiserast.

Rekkje med tiltak

Styret ser føre seg at føretaket må ha særleg merksemd rundt:

  • Effektivisering som følgje av tenesteutviklinga og endra organisering jfr. programmet Pasientens helseteneste – Helse Førde 2035.
  • Tilpasse drifta i klinikkane til endra behov for spesialisthelseteneste i befolkninga.
  • Implementering av regionale prosjekt med særleg vekt på informasjonsteknologi og uttak av dei gevinstane det gir.
  • Utvikling av bemanninga framover.
  • Systemet for økonomistyring.

Treng overskot

I vedtaket heiter det vidare at det i den kommande langtidsperioden (2018-2022) vil vere naudsynt å vurdere strukturelle endringar i føretaket. Styret vil også ha vurdert sal av eigedommar. Administrasjonen har fått i oppdrag å leggje fram konkrete framlegg til endringar som vil stette krava i langtidsbudsjettet.

Dersom Helse Førde skal klare investeringane for å byggje ut Førde sentralsjukehus, er det i langtidsbudsjettet lagt inn overskot på 36 millionar kroner i året frå 2019. Også i år og i 2018 er det lagt opp til at Helse Førde skal gå i pluss med høvesvis 15 og 28 millionar.

Sjølv om styret ser med stort alvor på den vanskelege økonomien, blei det i styret også minna om at det har vore verre før. Omstillingane føretaket ser føre seg i denne omgang er avgrensa samanlikna med det økonomiske uføret Helse Førde var i for nokre år sidan.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​