Framtida er digitale møte med helsetenesta

- Alt om få år vil mange polikliniske konsultasjonar bli gjort digitalt, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven i Helse Førde.

​Kleiven gav styret i Helse Førde ein statusrapport om arbeidet med pasientens helseteneste i møtet 26. januar. Ho meiner at ti år fram i tid vil mange konsultasjonar både i kommune- og spesialisthelsetenesta bli råd å gjere ved å bruke e-helsetenester.

Heimen som behandlingsstad

- Heimen blir i framtida den viktigaste behandlingsstaden for fleire pasientgrupper, meiner Kleiven.

Ein e-konsultasjon inneber å gjennomføre ein time hos helsepersonell gjennom digitale kanalar. Dette vil vere ein situasjon der pasienten får helsehjelp utan å møte opp fysisk på sjukehuset eller hos fastlegen.

- Også i framtida vil pasientar ha behov for akutthjelp og i andre tilfelle få treffe behandlar fysisk, og det skal dei sjølvsagt få. Fysiske møte mellom pasient og behandlar vil framleis vere viktig. Vi ser likevel føre oss ei framtid der digitale konsultasjonar kan gjerast i mange tilfelle der pasientar treng oppfølgjing som ikkje er akutt. Døme på dette kan vere pasientar med kroniske lidingar som treng rettleiing på medisinbruk eller behandlingshjelpemiddel.

helsenorge.no

Alt i dag kan pasientane mellom anna lese epikrise og endre timane sine på helsenorge.no. I framtida vil moglegheitene bli utvida til å utveksle informasjon og samtale via nettet.

- For pasientar som slepp å reise lange vegar for ein sjukehustime, vil dette vere eit stort framsteg. Det vil vere viktig for samfunnet og vi sparer miljøet, seier utviklingsdirektøren.

Helse Førde har gjennom heile 2017 arbeidd med ei rekkje prosjekt for å utvikle tenestene føretaket skal gje pasientane i fylket i framtida. Mange av prosjekta er sterkt knytte opp mot utbyggingsplanane ved Førde sentralsjukehus.

Tilrådingar frå prosjekta

- Generelt ber prosjektframlegga preg av å arbeide og samhandle meir på tvers, dele meir på ressursar og areal samt ta i bruk moderne teknologi, seier Kleiven.

Her er nokre av dei viktigste tilrådingane frå prosjekta for å utvikle tenestene:

• Einerom skal vere hovudmodell for pasientromma i Nye Førde sjukehus
• Tiltak for raskare avklaring for pasientar i akuttmottak
• Auka bruk av pasient- og sjukehotell
• Samle tenester til barn og unge
• Samle spesialromma på poliklinikken – bruke generelle rom på tvers
• Kvile- og overvakingssone for dagpasientar
• Felles poliklinikk for pasientar som treng infusjonar
• Ambulerande verksemd  og utvikling av nye arbeidsmåtar – som avstandsoppfølgiing 
• Styrke bruken av e-helsetenester - truleg vil mange polikliniske konsultasjonar vere e-konsultasjoner i 2030

Her kan du sjå heile presesentasjonen som blei gitt i styremøtet:

Rapportering frå program Pasientens helseteneste.pdf