HELSENORGE

Framleis krav til smittevern i sjukehusa

Samfunnet har i hovudsak gått tilbake til kvardagen slik han var før pandemien, men på sjukehusa gjeld framleis krav om avstand, munnbind og skjerpa besøksreglar.

Årsaka er at vi må verne sårbare pasientgrupper, samt at vi må førebygge stort sjukefråvær blant dei tilsette på sjukehusa som kan medføre svekka beredskap, redusert kapasitet og dårlegare helsetilbod.

Nokre av besøksreglane knytt til fødande blir letta på. Fødande kan no ha med seg ein partnar (definert av den fødande sjølv) både før, under og etter fødsel, og i barseltida. Dette gjeld sjølv om partnar har testa positivt for covid-19.

- Generelle råd til befolkninga er ikkje dei same råda som gjeld i helsetenesta. Det eksisterer eigne forskrifter og råd for oss, seier administrerande direktør Arve Varden. - Den største utfordringa vi ser føre oss no, er at sjukefråværet skal stige ytterlegare.​

Her er reglane som framleis gjeld:

  • Pasientar skal avklarast med tanke på covid-19
  • Halde ein meter avstand til andre
  • Munnbind der avstand ikkje er mogleg, sjølv i korte periodar
  • Kvar pasient kan maks ha to besøkande per dag, og kvart besøk bør ikkje overskride 30 minutt
  • Besøkande må vere friske og besøket må vere avklara på førehand. Det vil seie at dei

- må avtale besøket med avdelinga før dei kjem til sjukehuset

​- ikkje kan ha symptom på luftvegsjukdomar

- ikkje har påvist covid-19