HELSENORGE

Framleis besøksreglar ved sjukehusa

Ein normal kvardag på sjukehuset, men med auka beredskap i tilfelle endringar i smittesituasjonen. Kva inneber det i praksis for pasientar og pårørande ved sjukehusa i Helse Førde?

Pasientar skal framleis avklarast med tanke på smitte. Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytte sårbare pasientar og eigne medarbeidarar.

Besøkande til sjukehusa

Dersom du ønskjer å besøke ein pårørande, ven eller kjenning skal besøket vere avtala på førehand med avdelinga. Dei som ikkje har avtale, må vende seg til resepsjonen før dei går til avdelinga.

Besøkande må vere friske. Du kan ikkje ha luftvegsymptom, ha påvist covid eller vente svar på test. Du kan ikkje vere nærkontakt til nokon som har fått påvist smitte, og du kan ikkje ha endra smak- og/eller luktesans. Dei same reglane gjeld for følgje som er med pasientar til poliklinikk eller dagbehandling.

Helse Førde kjem til å legge til rette for besøk til alvorleg sjuke eller døyande pasientar.

Kvinneklinikken går tilbake til besøksrutinane dei hadde før koronaen. Far eller medmor får vere med i avdelinga. Andre må besøke barselkvinnene i kantina, resepsjonen eller andre eigna stader. Dette er gjort for å skåne barselkvinnene noko under opphaldet.

Planlegge for mange pasientar

Frå og med sist laurdag har landet vore i ein ny fase, skildra som «ein normal kvardag med auka beredskap». 561 dagar etter at pandemien starta 12. mars 2020, gjekk Noreg over frå kontroll- til beredskapsstrategi. Den nye kvardagen inneber at restriksjonar stort sett er fjerna. Unntaket er kravet om isolasjon for dei som er sjuke av covid-19.

Pasientar og pårørande må likevel framleis rekne med nokre tiltak framover. Vi står framfor ein haust og vinter som kan gje store utfordringar når det gjeld koronavirus, influensa og RS-virus samtidig. Styresmaktene ber difor helseføretaka om å ha planar klare for at mange pasientar kan bli innlagde med smittsame sjukdommar.

Vask hendene!

Helse Førde set vi no ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på retningslinjer for besøk i sjukehusa på generelt nivå. Bakgrunnen er erfaringane vi har gjort oss gjennom handteringa av pandemien.

Vi minner også om at vi ikkje må gløyme det beste smitteverntiltaket når vi no er i ein meir normal kvardag: God handhygiene!

Her kan du lese koronaråd frå Folkehelseinstituttet.