Frå papir til digitale innkallingsbrev

Som resten av forvaltninga går også Helse Førde gradvis over frå papir til digital kommunikasjon. Pasientane får innkalling digitalt ved å logge inn på www.helsenorge.no og lese breva der. Nye digitale brev blir varsla med tekstmelding på pasientens mobiltelefon.

2019-06-03_Helsenorge_dokumentmappe_foto-web.jpg

For dei som er vande med å bruke telefonen til det meste, er det godt nytt at innkallingane frå sjukehuset blir digitale.

Digital kommunikasjon er etterspurt

Fram til no har pasientane fått innkallinga både som vanleg post og elektronisk. Dei fleste innbyggarane er digitale i sin kvardag. Difor bør kommunikasjonen frå sjukehuset også bli tilgjengeleg via dei digitale plattformene dei er på til dagleg, som i hovudsak er på telefonen.

Digital kommunikasjon berre til dei som er digitalt aktive frå før

Ikkje alle pasientar blir omfatta av denne overgangen frå brev på papir til brev digitalt. Vilkåra for å motta digitale innkallingsbrev er dei som:

  • har logga seg inn på Helsenorge.no og gitt samtykke, og som har tilgang til alle tenester som ligg på Helsenorge.no
  • har logga seg inn på Helsenorge.no ein eller fleire gonger dei siste 18 månadane,
  • har elektronisk ID frå BankID, Buypass, eller Commfides.

Ikkje alle vil få innkalling digitalt

Pasientar som aldri har logga seg inn på ei offentleg teneste på nett,
som er reservert mot digital kommunikasjon frå det offentlege,
eller er under 16 år, vil framleis få si innkalling som brev i posten.

Sentral i digitalisering av innkallingsbrev er nettportalen Helsenorge.no

Det digitale innkallingsbrevet blir sendt til tenesta «Dokumenter» på Helsenorge.no. Pasienten loggar seg inn på Helsenorge.no med sin elektroniske ID og finn innkallinga der. Tenesta er enkel, og fungerer greitt via smart-telefon.

Pasientar som får digitale innkallingsbrev blir varsla med tekstmelding på telefonen

Varsel på telefonen gjer det enkelt for pasienten å følgje med når han blir kalla inn til sjukehuset. Pasientane vil få varsel:
1. med informasjon om tildeling av time
2. om at innkallinga er lagt i «dokumenter» på Helsenorge.no
3. med påminning om time.