Frå namn til nummer styrkar personvernet

Er du mellom dei som tykkjer det er ubehageleg å bli ropt opp med namn når du sit på eit venterom fullt av framande? Fatt mot, for no kjem løysinga som gjer at du som sjukehuspasient kan vere meir anonym.

Innsjekk og betaling_Kleiven_Fosse_Varden_Tyssedal_Fossheim_web.jpg

To nye betalingsautomatar har kome opp i resepsjonsområdet ved sentralsjukehuset som eit synleg døme på at Helse Førde innfører digitale innsjekkings- og betalingsmåtar. Frå venstre: utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven, prosjektleiar Annette Fosse, administrerande direktør Arve Varden, Nina Sunde Fossheim og Anja Iren Tyssedal. Fossheim og Tyssedal skal vere pasientvertar og hjelpe brukarane nytte det nye systemet.

Helse Førde innfører nye måtar for å sjekke inn og betale. Du kan melde frå om at du har komme til time på sjukehuset med mobiltelefon eller bruke automatar i resepsjonsområdet. På same måte kan du betale eigendelen din etter timen. Ordninga blir innført ved Førde sentralsjukehus i dag, torsdag 1. oktober. Lokalsjukehusa følgjer etter neste år.

Målet er at dei aller fleste pasientar skal bruke sjølvbetente løysingar. Men som før kan du også vende deg til ekspedisjonen når du kjem, og betale eigendel der etterpå.

I mange tiår har behandlarar i norske sjukehus ropt opp pasientnamn på venterom. Det nye systemet for å sjekke inn og betale, endrar dette. Heretter får du tildelt eit nummer som berre du sjølv kan kople til namnet ditt. Du får også vite kvar du skal gå for å vente. Når det vert din tur, kjem nummeret ditt opp på ein skjerm.

- Dette inneber ei klar styrking av personvernet, og vi helsar den nye ordninga velkommen, seier Frode Hatten, personvernombod i Helse Førde.

Innsjekk og betaling_Smarttelefon.JPG

Når du no sjekkar inn til time får du tildelt eit nummer som berre du kan kople til namnet ditt.

Systemet fungerer slik at pasienten sjølv kan registrere frammøte på mobiltelefon eller på terminalar i resepsjonsområdet. Du slepp altså å varsle om dette i ekspedisjonen eller i ei luke. Ved registrering får du tildelt eit anonymt referansenummer, samt vegvising til rett ventesone. Når det er klart for å kome inn til timen, kjem nummeret ditt opp på ein skjerm i ventesona. Det kjem også informasjon om kva rom du skal gå til.

Etter timen kan du som pasient velje mellom fleire måtar å betale eventuell eigendel på. Du kan betale med vipps på smarttelefon eller med kort på terminalane. Du kan framleis betale som før i resepsjonen på sjukehuset. Og reiser du frå sjukehuset utan å betale, vil du etter ei tid få faktura i posten – slik som tidlegare. Vel du å betale med kort eller mobil, slepp du å stå i kø i resepsjonsområdet.