Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen har vore stengd sidan onsdag kveld som følgje av fleire snøras og stor fare for fleire ras. Området vert undersøkt av geolog frå Statens vegvesen. Det er er no uklart kor tid vegen vert opna att men dette skjer truleg fredag. Det vert no sprengd ned snø frå rasfarlege område.
Trafikken til og frå Sogn går via Hella – Balestrand. Nett no er også Esefjorden også stengd. Det vil vere ferje i døgnkontinuerleg drift i sambandet, men omkøyringane kan føre til at oppdrag frå området vil ta lenger tid enn normalt.
Helse Førde har forsterka ambulanseberedskap i Indre Sogn og sett inn ekstra ambulanse i Lærdal. Tilpassing og dimensjonering av akuttberedskapen vert vurdert løpande gjennom den årstida vi er inne i, og føretaket vurderer lokale tiltak ut frå farevarsel og gjeldande infrastruktur.
Pasientar som har behov for øyeblikkeleg hjelp vert sende til Førde eller Voss ut frå pasienten sitt behov.
Helse Førde har tett kontakt med fylkesberedskapssjef, fylkeskommunen og Statens vegvesen. Oppdatert informasjon finn ein på 175.no.