Den døde var ein person over 65 år som fekk intensiv behandling ved koronakohorten på Førde sentralsjukehus. Pasienten vart innlagt ved sentralsjukehuset 29. september.
Grunna lovpålagt teieplikt og omsynet til personvernet kan Helse Førde ikkje gje ut ytterlegare opplysningar om pasienten.
Kontaktperson i Helse Førde er Evy-Helen Helleseth, fagdirektør, mobil 480 34 242.