Først i landet med økologi-sertifisering

Som første helseføretak i Norge er Helse Førde tildelt Debio sitt valørmerke i bronse. Dette skjer etter at sjukehuset er først i landet med å dokumentere at meir enn 15 prosent av råvarene i matforsyninga er økologiske.

Utmerkinga omfattar Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus, Lærdal sjukehus, Indre Sogn psykiatrisenter og Psykiatrisk klinikk Tronvik.

Organisasjonen Debio
Debio forvaltar, regulerer og kontrollerer økologisk produksjon og regelverk i Norge. Ei Debio-godkjent serveringsbedrift tilbyr råvarer som er dyrka med omsorg for jordliv og miljø, frå landbruk og havbruk som tek spesielt omsyn til plante- og dyreliv i naturen.

Fleire års arbeid
Tildelinga av Debio bronsemerke heng høgt innan både privat og offentleg serveringsbransje i Norge.
- Vi har arbeidd i fleire år for å auke bruken av økologiske råvarer i kjøkkena våre, seier avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde, Torstein Solset. - Difor er det ekstra kjekt å få dokumentasjon på dette arbeidet, attpåtil som første helseføretak i landet. Så vi håpar verkeleg at dette er noko brukarane våre set pris på.

Meir økologiske råvarer
Bruken av økologiske råvarer i Helse Førde har auka dei siste åra, og er ein del av Helse Førde sitt arbeid med Grønt sjukehus. Føretaket vart første gong sertifisert i 2014 som «Grønt sjukehus» etter ISO 14001. Dette som ledd i arbeidet med generelt samfunnsansvar, der miljøpolitikk og miljømål i føretaket spelar ei viktig rolle.

Grundig revisjon
Tildelinga av Debio valørmerke skjer etter grundig revisjonsarbeid frå kvalitetsrevisor i Debio, der mellom anna dokumentasjon av driftsbeskrivelse og matproduksjon er sentralt. Rutinar for mottak, handtering og lagring av økologiske produkt, nødvendig innkjøpsdokumentasjon og gjennomgang av føretaket sine leverandører på økologiske råvarer.

Helse Førde har eit årleg matbudsjett på 15,7 millionar kroner, og av dette utgjorde innkjøp av økologiske råvarer drygt 2,7 millionar kroner.