Forprosjektet startar etter nyttår

Forprosjektet for «Nye Førde sjukehus» startar 2. januar. Styret i Helse Førde har gitt grønt lys for å setje i gang arbeidet med arealplanen for ut- og ombygging av sjukehuset i Førde.

 

​I vedtaket heiter det at prosjektet skal kunne gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på 1,62 milliardar kroner. Arbeidet med tenesteutvikling, organisert under programmet «Pasientens helseteneste», skal samordnast og integrerast i planane for arealutviklinga.

Det skal etablerast rutinar for å rapportere til Helse Vest, og styret i Helse Førde skal ha jamlege orienteringar om framdrifta i forprosjektet.

Lån i statsbudsjettet

I framlegget til statsbudsjett er det gitt tilsegn om lån på 1,125 milliardar kroner til byggeprosjektet i Førde. Låneramma skal utbetalast i perioden fram mot 2025, etter kvart som utbygginga går framover. For neste år er det sett av 18 millionar av totalsummen.

Til grunn for avgjerda i Helse Førde-styret ligg at framlegget i statsbudsjettet blir vedteke i Stortinget før jul.

Stort prosjekt

Oppgraderinga av sjukehuset i Førde inneheld nytt bygg for psykisk helsevern. Nybygget skal ha lokale til barne- og ungdomspsykiatri, ny poliklinikk, døgntilbod og betre forhold for akuttpsykiatrien.

I moderniseringsplanane ligg også ombygging av hovudblokka. Det inkluderer i utgangspunktet sengepostar, etablering av observasjonspost, meir areal til poliklinikk- og behandlingsrom, auka kapasitet på dialyse og betre tilhøve på operasjon.

Dagens areal til vaksenpsykiatri er tenkt nytta til pasienthotell og kontor for administrasjon.

I det vidare arbeidet er planane at rapporten frå forprosjektet skal vere klar våren 2018. Forprosjektrapporten skal deretter handsamast i styra for Helse Førde og Helse Vest.