Foreslår ny, stor ambulansestasjon i Dale

Pressemelding frå Helse Førde

Administrerande direktør Jon Bolstad føreslår å slå saman bilambulansen i Fjaler og Askvoll. For ambulansebåttenestene er Bolstad si primære innstilling å lyse ut anbod på ein moderne, raskare ambulansebåt stasjonert i Solund, og taxibåtteneste i Askvoll.

 

Styret i Helse Førde skal på møtet kommande fredag ta stilling til korleis bil- og båtambulansen i føretaket skal organiserast i ytre deler av Sogn og Sunnfjord (område sør). I dag er det to båtambulansar i området. Spørsmålet er om denne modellen skal vidareførast, eller om ein skal satse på ein raskare, meir moderne ambulansebåt stasjonert i Solund.

Ein stasjon Fjaler/Askvoll

Samtidig gjer administrasjonen framlegg om at bilambulansen i Ytre Sogn og Sunnfjord blir som før, med unntak av at stasjonane i Askvoll og Fjaler blir slått saman til ein større, lokalisert i Dale.

- Å slå saman bilambulansane i Fjaler og Askvoll til ein ambulansestasjon er ei naturleg følgje av Dalsfjordbrua, og analysene våre viser at denne løysinga vil gje innbyggjarane ei god ambulanseteneste i framtida, seier Helge Robert Midtbø, som er direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Helse Førde har i mange år sett aukande utfordringar med å rekruttere og halde på godt kvalifiserte medarbeidarar på ambulansestasjonar med få oppdrag og fallande aktivitet. Samling av personell på døgnbemanna stasjonar gjer det faglege innhaldet i arbeidet meir attraktivt og lettar rekrutteringsarbeidet.

To alternativ for båt

Saka er lagt fram med to alternativ for båtambulanse:

Primært: Båtambulansetilbod for område sør vert lyst ut på anbod med ein båt i Solund, supplert med kjøp av taxibåttenester i Askvoll.

Alternativt: Båtambulansetilbod for område sør vert lyst ut på anbod med ein båt i Solund supplert med samfunnsbåt (brukt som ambulansebåt) i Askvoll.

Blir valet ein ambulansebåt i Solund, blir servicefarten auka frå 25 til 35 knop, og aktiveringstida vert redusert frå dagens 25 minuttar til 10 minuttar.

Område sør har i mange år hatt synkande aktivitet og stadig færre ambulanseoppdrag for båt. I 1997 hadde båtambulansen 1 509 oppdrag i området, medan talet i fjor var 285. Altså mindre enn eitt om dagen i gjennomsnitt.

Les styresakene her

Kontaktperson:

Helge Robert Midtbø, direktør kirurgisk klinikk, Helse Førde, mob. 907 64 403.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​