Fordeler legeressursane mellom sjukehusa

Overlegar og legespesialistar ambulerer som aldri før mellom dei ulike sjukehusa i Helse Førde.
- Eg trur bestemt at dette er ein praksis for framtida, og at det faktisk er ein føresetnad for å kunne halde oppe dagens sjukehusstruktur, seier avdelingssjef i medisinsk klinikk, Laila Haugland.

​For Helse Førde er det ei stor utfordring å rekruttere kvalifisert personell til alle spesialiststillingane ved alle sjukehusa. Tradisjonelt har løysinga ofte vore å bruke eksterne rekrutteringsbyrå og dyre vikarstafettar.

Urealistisk
Haugland meiner at det er urealistisk å tru at helseføretaket kan klare å få fast bemanning i alle spesialitetar ved alle tre sjukehusa, og meiner ambulering internt i helseføretaket er den desidert billegaste og medisinfagleg beste måten å løyse dette på.
- Ved at overlegane får arbeide fleire stader i organisasjonen, så styrkar vi også fellesskapet i fagmiljøa våre, seier ho. – Ved å tilby ein meir variert praksis blir det også meir attraktivt for spesialistar å arbeide i Helse Førde. Overlegane våre er svært positive til å arbeide på denne måten.


Torgeir Finjord.jpg

GODT FOR FAGET, GODT FOR MILJØET: Overlege Torgeir Finjord meiner ordninga med ambulering sveisar legane tettare saman.

Går alle vegar
Ordninga med ambulering inneber at sjukehusa utvekslar spesialistar, og gjer det også enklare for legane å oppnå den naudsynte «mengdetreninga» som er påkravd innan dei ulike spesialitetane. Haugland understrekar at ambulering ikkje berre inneber at spesialistar ved det største sjukehuset reiser ut og arbeider ved lokalsjukehusa. Utvekslinga kan også gå andre vegen, og også mellom dei to somatiske lokalsjukehusa i Helse Førde.
- For ikkje lenge sidan hadde til dømes ein kardiolog frå Lærdal sjukehus ein arbeidsperiode ved Nordfjord sjukehus, fortel Haugland.

Fleire slepp reise langt
Ein anna gunstig effekt av ordninga er at dei medisinske spesialitetane oftare kjem nærare pasientane, slik at fleire kan sleppe lange reiser i samband med behandling i spesialisthelsetenesta.
Ortopedisk avdeling i Helse Førde har drive med ambulering i fleire år, og praksisen der er auka gradvis opp. For legespesialistane er ordninga frivillig, likevel deltek meir enn halvparten av dei.
- Eitt av måla vi har er å sikre lik medisinsk kvalitet ved alle sjukehusa, noko spesialistambulering definitivt er med på å sikre, seier avdelingssjef Kari Anne Indrebø ved ortopedisk avdeling. – Vi får ei meir stabil drift med denne ordninga, og legespesialistane er svært godt nøgde. Det er ein vinn-vinn situasjon.

Knyt legekollegiet saman
Legekollegiet er samd i dette. I medisinsk klinikk har dei allereie praktisert ordninga innan nyremedisin, hjarte, gastro og lunge.
- Dette knyter oss betre saman, både personleg og fagleg, seier overlege Torgeir Finjord. - Dei ambulerande legane bidreg også i vaktordningane ved sjukehusa, og er dermed ei avlastning for kollegane. Eg trur også at det er ein verdi at pasientane møter folk som faktisk kjenner forholda i fylket, og ikkje berre tilfeldige vikarar som kjem utanfrå.