Førde sentralsjukehus: Slik blir 40-årsdagen

Direktørane serverer deg morgonkaffi. Sjukehuskoret underheld. Talar og styr. Og når du er blitt trøtt og svolten, kan du styrke deg på den spesielle 1979-menyen i kantinene våre. 

Tysdag 3. desember er det 40 år sidan Førde sentralsjukehus vart offisielt innvia. Dette ønskjer vi å markere på ein måte som gjer at flest mogeleg av våre kring tre tusen tilsette får glede av det.

Difor blir dei som kjem til sjukehuset på jobb eller til sjukehustime om morgonen denne tysdagen møtt av eit lite korps av direktørar som serverer kaffi og litt tilbehør til dei som vil ha. Litt seinare på dagen blir det ei spesiell jubileumsmarkering i auditoriet som tilsette ved våre øvrige institusjonar kan følge på videolink.

På ettermiddagen er sjukehuskoret Coronaris på farten igjen med ein minikonsert i kantina. Og heile dagen kan alle Helse Førde-tilsette kjøpe seg god mat i alle våre kantiner – der det er ein eigen jubileumsmeny med prisar henta frå den aller første menyen som kom etter at sjukehuset opna i 1979. (Sjå detaljane nederst i denne saka) 

Her er programmet for markeringa 3. desember:

07.30 til 08.15: Velkommen til Førde sentralsjukehus! Direktørane helsar god morgon med kaffi eller te til dei som kjem inn.

11.30 til 12.30: Jubileumsmarkering i auditoriet, 2. etasje Førde sentralsjukehus. Med blant anna jubileumstale, skråblikk utanfrå, sjukehusveteranar og musikalske innslag.

15.30: Sjukehuskoret Coronaris serverer minikonsert i kantina.

1979-meny i alle Helse Førde-kantiner:  
Sosekjøt med tilbehør: 11 kroner, gele med vaniljesaus: 2,50 kroner og kaffi: 1 krone.

(For øvrig normale prisar/drift i kantinene)