Førde sentralsjukehus er 40 år!

3. desember i år er det nøyaktig 40 år sidan Førde sentralsjukehus vart offisielt innvia. Dagen vil vi markere i heile helseføretaket, og Helse Førde ønskjer å gjere litt ekstra stas på dei tilsette denne dagen.

I desember 1979 såg sjukehuslandskapet i Sogn og Fjordane nokså annleis ut enn i dag. Inkludert det flunkande nye sentralsjukehuset eigde og drifta fylkeskommunen fem sjukehus dette året. Heilt ulikt dagens modell vart kvart enkelt av dei drive som meir eller mindre sjølvstendige einingar. 

Frå bygginga av sentralsjukehuset: Kranselag i november 1976:

fss historisk.jpg
Kontroversielt
 I dag er vi organisert slik at våre tre somatiske sjukehus har felles overbyggande klinikkstruktur, felles toppleiing og tett fagleg samarbeid.
Dei litt eldre blant oss veit at vedtaket om å bygge Førde sentralsjukehus var svært kontroversielt, og at det førte til ein årelang sjukehusstrid i fylket vårt. Helsestell og sjukehusdrift er også i dag eigna til å skape stort engasjement der ute. Likevel er det no i 2019 neppe særleg usemje om at Førde sentralsjukehus sin eksistens var sjølve føresetnaden for at vesle Sogn og Fjordane fekk sitt eige helseføretak då føretaksmodellen vart innført i norsk helsevesen i 2002.
Markering 3. desember
Tysdag 3. desember kjem tilsette og alle som besøker Helse Førde sine institusjonar til å møte litt ekstra pynt og stas. Tidleg om morgonen på FSS vil innkommande folk bli møtt av ein heilt spesiell mottakskomité. Midt på dagen skal vi markere bursdagen med eit arrangement i auditoriet, talar, korsang og styr med meir,  som vil bli overført til dei andre instituasjonane på videolink. Alle som besøker kantinene i Helse Førde denne dagen vil dessutan få seg ei hyggeleg overrasking, vi røpar ikkje detaljane enno.

Meir detaljert program kjem.