Fleire helsearbeidarar enn venta fekk vaksine

For to veker sidan starta vaksineringa av helsepersonell i sjukehusa i Helse Førde. Føretaket planla for å vaksinere om lag 330 tilsette, men betre utnytting av kvart vaksineglas gjer at heile 408 no har fått vaksinen.

​Det har vore kjent at kvart glas med vaksine, såkalla hetteglas, i utgangspunktet rommar minst fem dosar.

Sju dosar per glas
Men ved pinleg nøyaktige opptrekk i kvar sprøyte kan det vere mogeleg å få ut opptil sju dosar frå kvart glas.
- Tidleg i førre veke gjekk operatørane frå sjukehusapoteket over til ein ny teknikk ved opptrekk, og vi har klar å få sju dosar frå kvart glas, fortel leiar for smittevern i Helse Førde, Kari Holvik Furevik. – Dette gjer at langt fleire av vårt kritiske personell enn forventa no er blitt vaksinerte i denne  runden. Dette er gledeleg, ikkje minst med tanke på tryggleiken til pasientane som kjem inn på sjukehusa våre.

Måtte hasteinnkalle
Med høgare tal vaksinerte enn det opphaveleg var planlagt for, måtte vaksinasjonsteamet hive seg rundt og kalle inn fleire som i utgangspunktet ikkje var planlagt å vaksinere no. Prioriteringslistene er blitt følgd, folk har så langt som mogeleg møtt til oppsett stad og tid, og flyten i vaksineringa har gått svært bra.
- Alle på lista i dei to høgast prioriterte gruppene er no vaksinert, og også nokon i gruppe tre, fortel Holvik Furevik.

Ikkje for gravide og ammande
Oppslutninga om vaksina har vore god på alle dei tre sjukehusa i Helse Førde. Det er berre mellom 10 og 20 tilsette som av ulike grunnar har stått over denne gongen. Av desse er det svært få som ikkje har villa la seg vaksinere av private grunnar. Det kan elles vere ulike årsaker til kvifor enkelte vel å ikkje vaksinere seg, men det er godt kjent at til dømes gravide og ammande ikkje er tilrådd å ta vaksinen.
Helse Førde har klar plan for dose nummer to i veke 5 og 6, og alle har fått time.