HELSENORGE

Fleire fødslar i fjor

931 nye verdsborgarar såg dagens lys i Helse Førde i fjor. 

Dette er høgaste fødselstalet i området sidan 2017 då det vart fødd 934 barn. Det er i tillegg ein stor oppgang frå 2020 då 826 ungar kom til verda. 

Sidan 2012, då det vart fødd 1000 barn, har fødselstala, med unntak av i 2020, lagt rundt 900.

For dei ti siste åra fordeler fødselstala seg slik:

  • 2021: 931
  • 2020: 826
  • 2019: 871
  • 2018: 863
  • 2017: 934
  • 2016: 891
  • 2015: 897
  • 2014: 910
  • 2013: 882
  • 2012: 1000