HELSENORGE

Fleire barn får luftvegsinfeksjonar

Det har vore stor pågang med bronkiolott-sjuke barn i helga. Ein del ØH-poliklinisk og inneliggande over natta i løpet av helga. Klokka 08.00 måndag 9. november: Tre barn med påvist RS-virus, av desse ein på pustestøtte. Ein pasient ventar på prøvesvar på RS-virus. Fleire innleggingar på nyfødd intensiv med behov for pustestøtte utan å ha RS-virus.


Auken i luftvegsjukdomar gjer at Helse Førde fredag 5. november sette grøn beredskap. Helse Førde bur seg på at det kan komme ytterlegare auke i talet på innleggingar av pasientar sjuke med luftvegsluftvegsinfeksjonar. Grøn beredskap er det lågaste beredskapsnivået, men inneber likevel ein situasjonen som krev auka merksemd med trong for ekstraordinære ressursar og tiltak. 

Dei minste mest utsette

Så langt har barne- og ungdomsavdelinga handtert dei som er lagt inn med RS virus, men dersom pågangen held fram med å ta seg opp er det lagt planar for å ta i bruk senger og rom ved andre avdelingar. I så fall kan planlagd verksemd verte utsett. Dette er vurderingar som vert gjort fortløpande.

RS-viruset er i utgangspunktet svært vanleg. Dei fleste barn har hatt ein slik infeksjon før dei fyller tre år. Mest vanleg er milde symptom der ungane vert fort friske. Dei aller minste barna er mest utsette. Viruset kan gje infeksjon i bronkiar og lunger som fører til hoste og pustevanskar. Dette gjeld særleg barn under eitt år – og spesielt dei under tre månader. 

Godt smittevern er viktig​

For nokre er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Behandlinga inneber mellom anna tilførsel av oksygen, hjelp med ernæring og nokre gonger pustehjelp. Det går likevel bra med barna, og dei blir friske. Men det er ikkje uvanleg at dei hostar i fleire veker etterpå. 

Som ved andre virussjukdomar som smittar lett, er det særleg viktig med god handhygiene. Sjuke ungar må ikkje sendast i barnehage eller på skule. Styremaktene rår også til at spedbarn bør haldast unna store folkemasser til vi ser at talet på luftvegssjukdomar går nedover. 

RS-virus plakat.JPG



Årsaka til veksten i luftvegsinfeksjonar i haust, skuldast dei strenge smitteverntiltaka som har vore under koronapandemien. Fleire vanlege virus har vore så godt som fråverande i pandemiperioden, noko som gjer at ei stor gruppe ungar under to år ikkje har vore utsette for dei. 

Framleis besøksrestriksjonar

Helse Førde minner om at det framleis er restriksjonar på besøk til inneliggande pasientar. Dersom du som pårørande ønskjer å komme på besøk, skal besøket vere avtala på førehand med avdelinga der pasienten ligg.