
Frå venstre: Sara Eide, Marielle Hjelle Gjelsvik Nathalie Heggøy og Maylinn Flikki. Siri Lyslo Sæther var ikkje til stades.
Hausten 2019 starta dei første lærlingane i helsefagarbeid læretida si i Helse Førde. Våren 2021 vart det for første gang avlagt fagprøver i helsefagarbeidet i Helse Førde, og alle tre fekk bestått mykje godt.
Denne våren har det på tre hektiske veker fulle av nervar og spenning vore gjennomført fem fagprøver for Siri Lyslo Sæther, Sara Eide, Nathalie Heggøy, Marielle Hjelle Gjelsvik og Maylinn Flikki. Alle fem fekk bestått mykje godt på sine fagprøver.
Fagprøvenemndene har begge åra trekt fram at det høge faglege nivået er imponerande. Med toppresultat to år på rad kan vi no med sikkerheit seie at det er etablert eit godt lærlingtilbod for helsefagarbeidet, med vekt på fagleg utvikling gjennom klinisk praksis, fagdagar og delprøver.
- Vi har blanda alvor, tankar, etisk refleksjon, fag, spenning, latter og utfordringar på fagdagane og lært mykje gjennom delprøvene. Faglege, flott og rause rettleiarar har guida lærlingane gjennom læretida med stødige hender, og leiarane har lagt godt til rette for ei minnerik og god læretid, seier Line Anita Hjorthaug, rådgjevar i fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde.
Hjorthaug takkar fagprøvenemndene for godt samarbeid.
Kull tre er no halvvegs i sitt læreløp, og til hausten tek kull fire til.