Fase to i prehospital plan startar no

Neste veke startar det vidare arbeidet med prehospital plan, populært kalla ambulanseplan. Aller først handlar det om å få på plass eit mandat for prosjektgruppa.

​Fase ein i arbeidet med planen vart avslutta før sommarferien, der ein gjekk gjennom status på tilbodet og dei pliktene Helse Førde og kommunane har i akuttkjeda. Det vart mellom anna sterkt understreka at kommunane og Helse Førde er nøydde til å samarbeide godt for å kunne løyse dei felles utfordringane på området.

- Akutttenestene utanfor sjukehusa er ei viktig sak for innbyggarane i fylket, seier Tom Guldhav, prosjektleiar i plan for prehospitale tenester. -  Kommunane og Helse Førde har eit utfordrande arbeid framfor seg, og ein er nøydd til å finne dei gode, fleksible løysingane som passer inn i høve geografi, infrastruktur og organiseringa av Sogn og Fjordane.

Målet er å sikre eit best mogleg tilbod innanfor dei økonomiske rammer som ligg føre.
I føringane for fase to i arbeidet gir styret ei økonomisk ramme for dei framtidige prehospitale tenestene. Vidare ber styret om fleksible løysingar og rom for vidare utvikling og endring av dei prehospitale tenestene. Dette utfrå forventingar om at det kan komme endring i innbyggartal og alderssamansetjing, endringar i infrastruktur, teknologi og myndigheitskrav til tenesta.

Styret har også peika på kommunane si rolle på det prehospitale området, og at samhandling mellom tenestenivåa må ligge i botn av eit mandat.
Styret i Helse Førde har bede om eit framlegg til mandat som er klart for godkjenning i styremøtet i oktober.